print logo

ITA1100 - Praktisk italiensk

Fakta om emnet:
Studiepoeng:10
Type:Grunnemne på bachelornivå
Vert undervist:Kvart haustsemester
Eksamen:Kvart haustsemester
Undervisningsspråk:

Italiensk

Undervist av:Institutt for litteratur, områdestudium og europeiske språk
Semestersider (undervisningstider, eksamensdato, pensum m.m.):

Kort om emnet

Emnet omfatter oppøving i lytteforståing av audio- og videoregistrerte tekstar, diskusjonar av utdrag frå samtidige tekstar (litterære og frå aviser, o.l.), konversasjon, skildringar av situasjonar, miljø og personar og munnlege presentasjonar av ymse slag.

Studenten skal få opplæring i å skrive enkle tekstar av ulike slag, i å skildre mennesker og ting, fortelje om hendingar, skrive samandrag av tekstar, dramatisere situasjonar, osb.

Emnet kan vere eit godt utgangspunkt for studentar som vil styrkje dei grunnleggjande italienskkunnskapane sine både munnleg og skriftleg. Emnet er ikkje eit begynneremne i italiensk og skal helst takast parallelt med ITA1101 - Italiensk språk .

Kva lærer du?

Studenten skal forbetre dugleiken i dei fire språklege aktivitetane med vekt på forståing og produksjon av tale og på skrifteleg produksjon. Ved å jobbe med autentiske tekster og lydopptak på italiensk skal studenten reflektere over språket og utvide den språklige kompetansen i italiensk. I tillegg skal studenten betre evna til å forstå og uttrykke seg på italiensk både skrifteleg og munnleg.

Opptak

For å fylgje seminarundervisning må du ha undervisningsopptak til emnet.

Studentar må kvart semester søkje plass på undervisninga og melde seg til eksamen i StudentWeb.

Dersom du ikkje alt har studieplass ved UiO, kan du søkje opptak til våre studieprogram eller søkje om å bli enkeltemnestudent.

Det er ikkje mogleg å ta dette emnet som privatist. Du må ha plass på undervisninga for å ta eksamen.

Forkunnskapar

Obligatoriske forkunnskapar

Generell studiekompetanse

Tilrådde forkunnskapar

Undervisninga forutset at du har minst nivå II (eller tilsvarande) fra videregående skule, eller ITA0100 - Innføring i italiensk (eventuelt ITA0101 - Innføringskurs i italiensk 1 og ITA0102 - Innføringskurs i italiensk 2 ), eller tilsvarande forkunnskapar.

Overlapping

5 studiepoeng mot ITA2106 - Skriveferdigheter i italiensk. 5 studiepoeng mot ITA1103 - Munnleg italiensk 1.

Undervisning

Undervisninga vert gitt som seminar med 4 timar i 14 veker.

Emnet har krav om obligatorisk aktivitet. Studenten må møte til 70 % av undervisninga, og halde eit munnleg innlegg på 10 minutt som må vere godkjent av faglæraren før studenten kan framstille seg til eksamen.

Godkjend undervisningsaktivitet er gyldig i inneverande og dei to neste semestera emnet vert gitt.

Undervisninga går over heile semesteret i samsvar med § 4.1 i forskrift om studier og eksamener ved Universitetet i Oslo .

Vurdering og eksamen

Du må ha gjennomført obligatorisk undervisningsaktivitet før du kan gå opp til eksamen.

Eksamensforma i emnet er ein skuleeksamen på 4 timar.

Tidlegare eksamensoppgåver finn du her

Hjelpemiddel

Kandidatane har høve til å bruke eittspråkleg italiensk ordbok under eksamen: Nuovo dizionario italiano Garzanti (liten eller stor utgåve), men grammatikkdelen vert då skjult under ein konvolutt, eller Lo Zingarelli minore (liten eller stor utgåve). Studentane har sjølv ansvar for å ta ordboka med til eksamen.

Eksamensspråk

Du skal svare på eksamen på italiensk.

Sensur

Karakteren vert kunngjort på Studentweb seinast tre veker etter eksamens-/innleveringsdato.

Prestasjonen til studenten blir vurdert ut frå ein gradert bokstavkarakterskala frå A til F, der A er beste karakter og F er stryk. Les meir om karakterskalaen .

Emnet har ein tilsynssensor som vurderer den totale faglege kvaliteten på emnet, inkludert vurderingsordningane.

Grunngjeving og klage

Ein student kan be om grunngjeving for eksamenskarakterane, og kan også klage over karakterfastsetjinga og/eller over formelle feil ved eksamen. Les meir om grunngjeving og klage

Høve til utsett eller ny eksamen/vurdering

Du kan vanlegvis ta eksamen på nytt, men tidspunktet er avhengig av om du hadde gyldig forfall til ordinær eksamen. Les meir om å ta eksamen på nytt .

Trekk frå eksamen og talet på eksamensforsøk

Ein student kan framstille seg til eksamen i dette emnet inntil tre gonger. Studenten blir rekna som framstilt til eksamen dersom ho/han ikkje har trekt eksamensmeldinga si i StudentWeb innan ein gitt frist.

Tilrettelagd eksamen/vurdering

Ein student som har ei funksjonshemming og/eller kroniske eller akutte helseproblemer som fører til vesentlege ulemper i eksamenssituasjonen i høve til andre studentar, kan søkje om å få ein tilrettelagd eksamen. Mødrer som ammar, kan søkje om tilleggstid på eksamen.

Evaluering av emnet

Tilbakemelding frå studentane våre er avgjerande for at vi skal kunne tilby best moglege emne og studieprogram. Som student ved UiO vil du difor bli beden om å delta i ulike typar evaluering av studiekvardagen din. Vi gjennomfører fortløpande evaluering av dette emnet, og med jamne mellomrom ber vi studentane delta i ei meir omfattande og detaljert evaluering, ei såkalla "periodisk evaluering" av emnet.

Kontakt oss

Institutt for litteratur, områdestudium og europeiske språk

Besøksadresse: 
Niels Treschows hus, 7. et.

Ekspedisjonstid: 
Måndag - Fredag 12.30-15.00

Postadresse: 
Pb. 1003 - Blindern
0315 Oslo

Telefon: 22856912
Faks: 22856887
E-post: 
Web: http://www.hf.uio.no/ilos