ITA1102 - Italienske tekstar
|
||||||||||||||||
|
||||||||||||||||
Kort om emnet
Emnet er basert på eit utvalg autentiske dokumentar som er henta frå moderne italiensk litteratur. Det vil bli øvelser i italiensk språk gjennom studium av skjønnlitterære tekstar (noveller og romanar) frå det 20. århundre. Emnet er ikkje tenkt som eit nybegynneremne for å lære å snakke italiensk. Det forutsettes at studentane allerede har forkunnskapar både muntlig og skriftlig.
Kva lærer du?
Studenten skal få kjennskap til eit utval italienske skjønnlitterære tekstar fra det 20. århundre og til den historiske og kulturelle konteksten dei høyrer til. Studenten skal få ein oppøving i dugleik i språket gjennom munnlege og skriftlege presentasjonar.
Opptak
Studentar må kvart semester søkje plass på undervisninga og melde seg til eksamen i StudentWeb.
Dersom du ikkje alt har studieplass ved UiO, kan du søkje opptak til våre studieprogram eller søkje om å bli enkeltemnestudent.
Det er ikkje mogleg å ta dette emnet som privatist. Du må ha plass på undervisninga for å ta eksamen.
Forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Undervisninga forutset at du har minst nivå II (eller tilsvarande) fra videregående skule, eller ITA0100 - Innføring i italiensk (eventuelt ITA0101 - Innføringskurs i italiensk 1 og ITA0102 - Innføringskurs i italiensk 2 ), eller tilsvarande forkunnskapar.
Det er lagt ut ein diagnostisk test på internett så studentane sjølv kan teste om dei har dei naudsynte italienskkunnskapane for å følgje undervisninga i dette emnet (ITA1102). Studentane bør oppnå 70% rette svar for å følgje undervisninga. Dei som har mellom 50 og 70% har òg rett til å følgje undervisninga i ITA1102, men må rekne med å jobbe meir for å kunne følgje med.
Undervisning
Undervisninga vert gitt som seminar med 4 timar i 14 veker. Kurset skal helst takast parallelt med ITA1101 - Italiensk språk.
Emnet har krav om obligatorisk aktivitet. Studenten skal levere 2 skriftlege oppgåver og halde eit munnleg innlegg som må godkjennast av faglæraren før studenten kan framstille seg til eksamen.
Godkjent undervisningsaktivitet er gyldig i inneverande og dei to neste semestera emnet vert gitt.
Undervisninga går over heile semesteret i samsvar med § 4.1 i forskrift om studier og eksamener ved Universitetet i Oslo .
Adgang til undervisning
Ein student som har fått gjennomført og godkjent obligatorisk undervisning har ikkje krav på ny undervisning. Ein student som har fått undervisningsrett til eit emne, men ikkje har gjennomført og/eller fått godkjent obligatorisk undervisning, har rett til ny undervisning, men fyrst når kapasitetsomsyn gjer det mogleg.
Vurdering og eksamen
Studenten må ha gjennomført obligatorisk undervisningsaktivitet før han eller ho kan framstille seg til eksamen.
Eksamensforma på emnet er ein skuleeksamen (kommentaroppgåve) på 4 timar.
Tidlegare eksamensoppgåver finn du her: http://www.uio.no/studier/emner/hf/ilos/ITA1102/Eksamensoppgaver/Eksamensoppgaver.xml
Hjelpemiddel
Kandidatane har høve til å bruke under eksamen eittspråkleg italiensk orbok: Nuovo dizionario italiano Garzanti (den minste utgåva), Lo Zingarelli minore (den minste utgåva), eller Dizionario Garzanti italiano con grammatica essenziale in appendice, men grammatikkdelen vert da skjult under ein konvolutt.
Studentane har sjølv ansvar for å ta ordboka med til eksamen.
Eksamensspråk
Italiensk.
Sensur
Karakteren publiseres på Studentweb senest tre uker etter eksamens-/innleveringsdato.
Prestasjonen til studenten blir vurdert ut frå ein gradert bokstavkarakterskala frå A til F, der A er beste karakter og F er stryk. Les meir om karakterskalaen .
Emnet har ein tilsynssensor som vurderer den totale faglege kvaliteten på emnet, inkludert vurderingsordningane.
Grunngjeving og klage
Ein student kan be om grunngjeving for eksamenskarakterane, og kan også klage over karakterfastsetjinga og/eller over formelle feil ved eksamen. Les meir om grunngjeving og klage
Høve til utsett eller ny eksamen/vurdering
Du kan vanlegvis ta eksamen på nytt, men tidspunktet er avhengig av om du hadde gyldig forfall til ordinær eksamen. Les meir om å ta eksamen på nytt .
Trekk frå eksamen og talet på eksamensforsøk
Ein student kan framstille seg til eksamen i dette emnet inntil tre gonger. Studenten blir rekna som framstilt til eksamen dersom ho/han ikkje har trekt eksamensmeldinga si i StudentWeb innan ein gitt frist.
Tilrettelagd eksamen/vurdering
Ein student som har ei funksjonshemming og/eller kroniske eller akutte helseproblemer som fører til vesentlege ulemper i eksamenssituasjonen i høve til andre studentar, kan søkje om å få ein tilrettelagd eksamen. Mødrer som ammar, kan søkje om tilleggstid på eksamen.
Evaluering av emnet
Tilbakemelding frå studentane våre er avgjerande for at vi skal kunne tilby best moglege emne og studieprogram. Som student ved UiO vil du difor bli beden om å delta i ulike typar evaluering av studiekvardagen din. Vi gjennomfører fortløpande evaluering av dette emnet, og med jamne mellomrom ber vi studentane delta i ei meir omfattande og detaljert evaluering, ei såkalla "periodisk evaluering" av emnet.
Kontakt oss
Institutt for litteratur, områdestudium og europeiske språk
Besøksadresse:
Niels Treschows hus, 7. et.
Ekspedisjonstid:
Måndag - Fredag 12.30-15.00
Postadresse:
Pb. 1003 - Blindern
0315 Oslo
Faks: 22856887
E-post: henvendelser@ilos.uio.no
Web: http://www.hf.uio.no/ilos