ITA4303 - Italiensk renessanselitteratur
Kort om emnet
Eit tekstbasert kurs om det burleske renessanseeposet, den atterfødde komedien, den politiske tanken til Machiavelli og dialogen som pedagogisk og filosofisk form. Eit pensum på ca. 1000 s.
Kva lærer du?
Fyrstehandskjennskap til dei viktigaste litterære kjeldene i det "nye" menneske- og kultursynet som enno dominerer det europeiske (og frå nokon synstad òg det norske) mennesket. Fordjuping og kritisk lesing i utvalde problemstillingar og forfattarskap etter samråd med faglærar.
Opptak og adgangsregulering
Studentar må kvart semester søkje plass på undervisninga og melde seg til eksamen i StudentWeb.
Dersom du ikkje alt har studieplass ved UiO, kan du søkje opptak til våre studieprogram eller søkje om å bli enkeltemnestudent.
Det er ikkje mogleg å ta dette emnet som privatist. Du må ha plass på undervisninga for å ta eksamen.
Forkunnskap
Obligatoriske forkunnskap
Opptak til masterstudium på Litteraturprogrammet og Estetikkprogrammet ved UiO, og minst eitt litterært emne på 4000-nivå.
Anbefalte forkunnskap
Noko kjennskap til europeisk kultur og historie, solid kjennskap til italiensk språk (òg frå dei eldre periodane) og historisk innlevingsevne.
Undervisning
Emnet er eit leseemne, og studentane får rettleiing av faglærar. Ta kontakt med læraren heilt i byrjinga av semestret for å konferere om pensumlesing og mogleg tema for semesteroppgåva. Studentane blir oppmoda til å fylgje undervisninga på bacheloremnet ITA2303 - Italiensk renessanselitteratur (nedlagt) som òg dekkjer delar av pensum på ITA4303. Undervisninga på ITA2303 går i andre halvdelen av semesteret med to timar i veka i sju veker.
Adgang til undervisning
Dersom du har gjennomført og fått godkjent obligatorisk undervisning, har du ikkje krav på ny undervisning. Dersom du har fått undervisningsopptak til emnet, men ikkje har gjennomført eller fått godkjent obligatorisk undervisning, har du rett til ny undervisning når det er ledig kapasitet.
Eksamen
Eksamensinnlevering går føre seg i Classfronter. Les her: http://www.uio.no/studier/emner/hf/ilos/eksamensinstruks.html
Det er den einskilde student sitt ansvar å vere i stand til å levere i CF. Studentar som ikkje klarer å nytte CF, må gå på kurs hos Student-IT.
Kvar student skriv i løpet av dette leseemne ei semesteroppgåve på italiensk innanfor tekstanalyse på ca. 8 s. (à 2300 teikn) pluss forside og bibliografi. Den vil bli gjeve bokstavkarakter.
For å kunne levere semesteroppgåva, skal studenten levere etter fastsatt frist ei oppgåve på italiensk på 2 s. (à 2300 teikn) av ein tekst eller rundt ei problemstilling, som må godkjennast av læraren.
Den korte oppgåva og semesteroppgåva må innehalde kjeldetilvisingar og bibliografi som er utforma etter gitte normer .
Ei ”Obligatorisk melding som vedkjem fusk”, skal fylgje med alle oppgåver som studenten leverer til vurdering.
Eksamensspråk
Italiensk.
Karakterskala
Emnet nyttar karakterskala frå A til F, der A er beste karakter og F er stryk. Les meir om karakterskalaen.
Grunngjeving og klage
Du kan be om grunngjeving for eksamenskarakterane, og du kan klage over karakterfastsetjinga eller over formelle feil ved eksamen. Les meir om grunngjeving og klage.
Adgang til ny eller utsett eksamen
Du kan vanlegvis ta eksamen på nytt, men tidspunktet er avhengig av om du hadde gyldig forfall til ordinær eksamen. Les meir om å ta eksamen på nytt.
Trekk frå eksamen
Det er mogleg å ta eksamen i emnet inntil tre gonger. Dersom du trekkjer deg frå eksamen etter fristen eller under eksamen, brukar du eit eksamensforsøk.
Tilrettelagt eksamen
Ein student som har ei funksjonshemming og/eller kroniske eller akutte helseproblem som fører til vesentlege ulemper i eksamenssituasjonen i høve til andre studentar, kan søkje om å få ein tilrettelagd eksamen. Mødrer som ammar, kan søkje om tilleggstid på eksamen.