Godkjenning av utanlandsk utdanning
Dersom du har utanlandsk utdanning, kan du søkje om å få den godkjend i Noreg. Det finst fleire måtar å søkje om godkjenning av utanlandsk utdanning på, avhengig av kva du skal bruke utdanninga til.
Generell godkjenning
Generell godkjenning av utanlandsk utdanning bekreftar at utdanninga er teken ved ein godkjent/akkreditert høgare utdanningsinstitusjon i utdanningslandet. Utdanninga må vere på eit nivå utover det som er kravd for å kome inn på universitet og høgskoler i Noreg. I Noreg er det NOKUT som tilbyr generell godkjenning av utanlandsk utdanning. Kontakt NOKUT for meir informasjon om generell godkjenning.
Fagleg godkjenning
Fagleg godkjenning av utanlandsk utdanning inneber at utdanninga er vurdert i forhald til bestemte gradar eller utdanningar i Noreg. Slik godkjenning er aktuelt når du søkjer opptak til vidare studium eller innpassing av utanlandsk utdanning. Ved UiO er det fakultetet som tilbyr fagfeltet som behandlar søknader om fagleg godkjenning. Kontakt fakultetet for meir informasjon om fagleg godkjenning.
Førehandsgodkjenning ved delstudium i utlandet
Dersom du skal søkje delstudium i utlandet, treng du ei førehandsgodkjenning av den utanlandske utdanninga du planlegg å ta. Les meir om delstudium i utlandet.
Innpassing i studium ved UiO
Dersom du har avlagt og bestått høgare utdanning frå ein utanlandsk utdanningsinstitusjon, kan du søkje om å få denne utdanninga godkjent i graden din, anten som frie studiepoeng eller som tilsvarande nokre av dei programdefinerte emna i graden. Les meir om innpassing av utanlandsk utdanning i studium ved UiO.
Opptak til studieprogram
Dersom du skal søkje opptak til studieprogram på bakgrunn av utanlandsk utdanning, vil den utanlandske utdanninga bli vurdert i samband med behandlinga av opptakssøknaden. Ved UiO finn du meir informasjon om opptakskrav og søknadsmetode på den enkelte programheimesida.