Studiekalender
Studieåret er for dei fleste programma ved Universitetet i Oslo delt i to semester: haust og vår.
Semesterlengde
- Haustsemesteret: frå midten av august til midten av desember.
- Vårsemesteret: frå byrjinga av januar til midten av juni.
Ferie
- Sommarferie: frå midten av juni til midten av august.
- Juleferie: frå midten av desember til byrjinga av januar.
- Påskeferie frå måndag etter palmesøndag til tirsdag etter påskedag.
Start- og sluttidspunkt for kvart semester
Dei nøyaktige start- og sluttdatoane for kvart semester kan variere frå år til år og mellom dei ulike studieprogramma og emna. Emneomtalen gir detaljert informasjon om tidspunkt for undervisning og eksamen i kvart emne. Emneoversikta blir oppdatert for komande semester i midten av mai (for haustsemesteret) og i slutten av november (for vårsemesteret).
Sjå oversikt over emne ved UiO.
Publisert 4. jan. 2012 10:33
- Sist endra 4. jan. 2012 10:49