print logo

Lover og reglar

Som student ved UiO har du rettar og plikter, og det er viktig at du gjer deg kjent med desse.

Kvar finn eg reglane?

reglementshandboka finn du dei fleste reglane som gjeld for opptak, studium og eksamenar ved UiO. Reglementshandboka inneheld både lover, forskrifter og andre dokument. I tillegg kan det vere fastsett særskilte reglar for enkelte fakultet og studieprogram. Les meir om strukturen i regelverket.

Programomtalene og emneomtalene skildrar oppbygging og gjennomføring av studieprogram og emne. Her finn du for eksempel reglar om obligatorisk undervisning, forkunnskapskrav og krav til grad for studieprogrammet.

IT-reglementet inneheld reglar som sikrar lovleg og sikker bruk av IT-tenestene ved universitetet. Du må gjere deg kjent med IT-reglementet før du tek i bruk IT-tenestene ved UiO.

Hugs å sjekke e-post!

Alle studentar får tildelt ein e-postkonto ved UiO. Universitetet bruker denne e-postadressa for å sende ut informasjon. Det er derfor viktig at du jamleg sjekkar e-postadressa du har vorte tildelt av UiO.

 

Publisert 29. apr. 2010 13:51 - Sist endra 31. aug. 2011 11:21