Skikkavurdering (skikkethetsvurdering)
Reglane om skikkavurdering gjeld for studentar i lærarutdanningar og helse- og sosialfaglege utdanningar.
Kva er skikkavurdering?
Skikkavurdering inngår i ei heilskapsvurdering av dei faglege og personlege føresetnadene studentane har for å kunne fungere i yrket. Vurderinga skjer i lærarutdanningar og i helse- og sosialfaglege utdanningar. Ho omfattar alle studentar og går føre seg gjennom heile studiet.
Skikkavurdering er regulert av den nasjonale forskrifta om skikkavurdering i høgare utdanning (lovdata.no).
Informasjon om skikkavurdering
Ved studiestart sørgjer fagmiljøa for at studentane får informasjon om skikkavurdering og om kva det inneber.
Behandling av saker om skikkavurdering
Dersom det er grunngjeven tvil om ein student er skikka, skal det gjerast ei særskilt skikkavurdering. Forskrifta om skikkavurdering fortel korleis slike saker skal behandlast. Forskrifta må lesast samen med reglane i forvaltningslova om saksbehandling.
Kristin Heggen er institusjonsansvarleg for saker om skikkavurdering ved UiO. Ho tek imot og behandlar tvilsmeldingar før dei blir sende til skikkethetsnemnda.