Bachelorgrad

Bachelorgrad kan du få etter å ha gjennomført tre års studium på lågare grads nivå. Du kan søkje om opptak til bachelorstudium på grunnlag av fullført vidaregåande skole.

Du kan oppnå bachelorgraden etter tre års studium (180 studiepoeng). Graden oppnår du anten på grunnlag av eit studieprogram eller ved sjølv å setje saman utdanning som tilfredsstiller krava (fritt samansett bachelorgrad).

Gradsnamnet avheng av kva slags fagleg fordjuping graden inneheld.

Bachelorgraden er sett saman av emne på lågare grad, det vil seie emne på 1000-, 2000-, og 3000-nivå. Emne på 4000-nivå og høgare kan vanlegvis ikkje inngå i graden.

Bachelorgrad på grunnlag av eit studieprogram

Bachelorprogramma til UiO er delte inn i to hovudgrupper:

  • Program som består av emnegrupper på 80 og 40 studiepoeng.
  • Program som består av programdefinerte emne på minst 120 studiepoeng.

I begge gruppene kan det vere høve til å velje frie emne.

I bachelorgraden må emne av eit omfang på minst 60 studiepoeng vere avlagde ved UiO. I enkelte studieprogram kan inntil 30 studiepoeng av desse etter søknad vere avlagde ved utanlandsk universitet eller høgskole som ein del av ein utvekslingsavtale med UiO.

Alle bachelorprogram

Fritt samansett bachelorgrad

Ein fritt samansett bachelorgrad oppnår du på grunnlag av 3 års studium (180 studiepoeng) der dette må inngå:

  • Examen philosophicum (10 studiepoeng)
  • Examen facultatum (10 studiepoeng)
  • Ei emnegruppe med til saman minst 80 studiepoeng
  • Ei emnegruppe med til saman minst 40 studiepoeng
  • Dei andre emna i bachelorgraden kan veljast fritt

Dersom emnegruppa på minst 80 studiepoeng er innanfor realfag, treng du ikkje examen facultatum i graden.

Fakultetet fastset dei krava som gjeld til samansetjing av emnegruppene som skal inngå i graden.

Minst 60 studiepoeng i bachelorgraden må vere avlagd ved UiO.

Dersom du fyller krava til ein fritt samansett bachelorgrad, kan du bestille vitnemål frå det fakultetet der du har teke den faglege fordjupinga i bachelorgraden.

Påbygging

Bachelorgraden kan byggjast ut til ein mastergrad. UiO tilbyr toårige masterprogram som påbygging for dei fleste bachelorprogramma.

Godkjenning av anna utdanning

Det er mogleg å godkjenne utdanning frå andre institusjoner i ein bachelorgrad ved UiO. For å få bachelorgraden ved UiO, må minst eitt års studium (60 studiepoeng) vere avlagt her. Studentar som har utdanning frå fleire institusjonar bør undersøkje krava til bachelorgrad også ved dei andre institusjonane dei har teke utdanning ved.

Publisert 23. apr. 2010 22:37 - Sist endra 13. mars 2017 10:28