print logo

Karakterskala

I sensureringa ved UiO bruker ein anten bokstavkarakterar i skalaen A til F eller karakterskalaen med bestått/ikkje bestått.

Bestått/ikkje bestått

Karakterskalaen med bestått og ikkje bestått er eit sjølvstendig vurderingsuttrykk utan samanheng med den graderte karakterskalaen.

Bokstavkarakterar

Bokstavkarakterskalaen er ein gradert skala, der A er beste karakter, E er lågaste beståtte karakter og F er stryk. Karaktersetjinga tek utgangspunkt i kvalitative skildringar for det enkelte karaktertrinnet i karakterskalaen.

Nedanfor ser du dei generelle, kvalitative skildringane av vurderingskriteria som blir lagde til grunn for sensurering med bokstavkarakterskalaen. Fagmiljøa kan ha fastsett meir detaljerte skildringar for karakterbruken sin.

A - Framifrå Framifrå prestasjon som skil seg klart ut. Kandidaten syner særs god vurderingsevne og stor grad av sjølvstende.
B - Mykje god Mykje god prestasjon. Kandidaten syner mykje god vurderingsevne og sjølvstende.
C - God

Jamt god prestasjon som er tilfredsstillande på dei fleste områda. Kandidaten syner god vurderingsevne og sjølvstende på dei viktigaste områda.

D - Nokså god Akseptabel prestasjon med nokre vesentlege manglar. Kandidaten syner ein viss grad av vurderingsevne og sjølvstende.
E - Tilstrekkeleg Prestasjonen tilfredsstiller minimumskrava, men heller ikkje meir. Kandidaten syner lita vurderingsevne og lite sjølvstende.
F - Ikke greidd Prestasjon som ikkje tilfredsstiller dei faglege minimumskrava. Kandidaten syner både manglande vurderingsevne og sjølvstende.

Tidlegare karaktersystem

UiO endra karaktersystem i 2003. Les meir om det tidlegare karaktersystemet som var gyldig til 2003.

Publisert 12. apr. 2010 15:48 - Sist endra 9. sep. 2012 12:52