Doktorgrad (ph.d.)

Etter fullført mastergrad er det mogleg å ta ein doktorgrad (ph.d.-grad). Utdanninga er normert til tre år og går føre seg innanfor rammene av eit organisert program.

Doktorgradsutdanninga består av ei avhandling og ein opplæringsdel. Opplæringsdelen utgjer minst 30 studiepoeng av programmet. Innanfor utdanninga er det høve til utanlandsopphald, tverrfagleg samarbeid og deltaking i forskarskoler.

Ved slutten av doktorgradsutdanningen blir ein tildelt ph.d.-graden på grunnlag av:

  1. Gjennomført opplæringsdel.
  2. Vitskapleg avhandling.
  3. Doktorgradsprøve.

Doktorgradsprøven består av ei prøveførelesing og eit offentleg forsvar av avhandlinga (disputas).

Doktograd og forskarkarriere

Publisert 20. mai 2010 18:18 - Sist endra 28. apr. 2015 11:06