print logo

Vitnemål

Studentar ved UiO får vitnemål når dei oppnår ein grad. Vitnemålet er den offisielle stadfestinga på utdanninga ved UiO. 

Kva for emne skal vere med på vitnemålet? 

Alle emne som er naudsynte for å oppnå graden skal vere med på vitnemålet. Emne som ikkje er naudsynte for å oppnå graden, skal ikkje vere med på vitnemålet. Alle emne vil stå på karakterutskrifta uavhengig av om dei blir brukte i ein grad.

Studentar kan søkje om å få innpassa utdanning frå andre norske eller utanlandske institusjonar i grader ved UiO. Dersom studentar får innpassa anna utdanning i graden sin, vil dette gå fram av vitnemålet.

Diploma Supplement

Saman med vitnemålet blir det utferda eit vitnemålstillegg på engelsk, Diploma Supplement. Diploma Supplement skal bidra til å forklare for utanlandske utdanningsinstitusjoner og arbeidsgjevarar korleis utdanninga di er sett saman. Dokumentet inneheld også ein omtale av det norske utdanningssystemet.

 

Publisert 12. apr. 2010 15:48 - Sist endra 13. jul. 2012 13:54