print logo

Bli enkeltemnestudent

Du kan studere enkeltemne utan å vere teken opp på eit program, viss du er kvalifisert og får plass på emnet. Du blir enkeltemnestudent for eitt semester av gongen. Vi forventar at du tek eitt emne kvart semester du er enkeltemnestudent, men du kan velje å ta fleire.

Frå 21. august blir det klart kva for emne på bachelornivå som har ledige plassar også for enkeltemnestudentar. Liste over emna blir lenka opp frå denne sida.

For å bli enkeltemnestudent må du 

  • først gjere deg viss på at du er kvalifisert i SøknadsWeb
  • og så søkje på emne med ledig plass i StudentWeb

1. Søk om å bli kvalifisert i SøknadsWeb

Fristen for å søkje om å bli kvalifisert hausten 2012 er:

  • 1. august 2012

Fristen er den same om du søkjer på grunnlag av generell studiekompetanse eller på grunnlag av realkompetanse.

Les om korleis du søkjer om å bli kvalifisert:

Kultur-, språk- og samfunnsfag

Informatikk og realfag

2. Søk på emne med ledig plass i StudentWeb

Du søkjer på emne med ledig plass på undervisninga i StudentWeb. Først-til-mølla-prinsippet gjeld, og du får svar med éin gong. Nokre emne har krav til forkunnskapar, og dei må du dekkje for å kunne ta eksamen, sjå dei ulike emneomtalane.

Kultur-, språk- og samfunnsfag

  • Frå 21. august kl. 9 kan du søkje på bacheloremne med ledig plass på undervisninga i kultur-, språk- og samfunnsfag, dersom du er kvalifisert. Du treng altså ikkje ein aktiv studierett. Får du innvilga plass på eit emne, er du enkeltemnestudent hausten 2012.
  • Du må deretter registrere deg og betale semesteravgifta. Du finn betalingsopplysningane i StudentWeb. Krav om kopiavgifta, kr 50 for enkeltemnestudentar i kultur-, språk- og samfunnsfag, blir ikkje synleg i StudentWeb før tidleg i september. Da får du e-post om at du må betale ho.
  • Frist: 1. september 2012

Informatikk og realfag

  • Frå 21. august kl. 9 kan du søkje på emne med ledig plass i informatikk og realfag.
  • Du må deretter registrere deg og betale semesteravgifta. Du finn betalingsopplysningane i StudentWeb.
  • Frist: 1. september 2012

Logg på StudentWeb

Brukarrettleiing for enkeltemnestudentar i StudentWeb

Om StudentWeb

Publisert 31. okt. 2011 16:08 - Sist endra 24. mai. 2012 08:47