print logo

Enkeltemne: kultur-, språk- og samfunnsfag

For å bli kvalifisert til å ta enkeltemne eller eksamen som privatist innan kultur-, språk- og samfunnsfag, må du vere registrert med generell studiekompetanse ved UiO.

Sjekk om du er registrert med generell studiekompetanse

Du ser om du er registrert med generell studiekompetanse (GSK) i SøknadsWeb (sjå skjermbilde). Om det ikkje står noko, er du ikkje registrert med GSK.

Logg på SøknadsWeb

 

Om du ikkje er registrert med generell studiekompetanse

Søk om å bli kvalifisert i SøknadsWeb. Slik søkjer du.

  1. Registrer ein søknad: Vel Enkeltemne, deretter Søknad om å bli enkeltemnestudent eller privatist hausten 2013 og søknadsalternativet 'Emne i kultur-, språk- og samfunnsfag'
  2. Last opp naudsynt dokumentasjon (sjå skjermbilde):
    • Søkjer du på bakgrunn av generell studiekompetanse, lastar du opp dokumentasjon på generell studiekompetanse.
    • Søkjer du på bakgrunn av realkompetanse, fyller du ut Skjema for studiekompetanse, krysser av for at du søkjer på bakgrunn av realkompetanse og oppgir kva for emne du vil bli vurdert for. Deretter lastar du opp skjemaet saman med dokumentasjon på realkompetanse.  

Søknadsfrist hausten 2013:

  • 1. august 2013

Fristen gjeld også for opplasting/innsending av dokumentasjon.

Vi kan be deg leggje fram originaldokumentasjon. Om du ikkje viser fram originalane på førespurnad, vil du få avslag på søknaden.

 

Om du er registrert med generell studiekompetanse

Du treng ikkje søkje om å bli kvalifisert for å ta enkeltemne. Vil du likevel ha ei påminning om fristar og prosedyrar per e-post, kan du registrere ein søknad i SøknadsWeb.

 

Les kva du må gjere dersom du i tillegg ønskjer å ta emne i realfag og/eller informatikk.

Publisert 19. okt. 2011 16:29 - Sist endra 22. apr. 2013 09:03