Enkeltemne: kultur-, språk- og samfunnsfag
For å bli kvalifisert til å ta enkeltemne eller eksamen som privatist innan kultur-, språk- og samfunnsfag, må du vere registrert med generell studiekompetanse ved UiO.
Sjekk om du er registrert med generell studiekompetanse
Du ser i SøknadsWeb om du er registrert med generell studiekompetanse eller ikkje. Slik ser det ut i SøknadsWeb når
Dersom du ikkje er registrert med generell studiekompetanse
Du må søkje om å bli kvalifisert:
- Vel søknadsalternativet Enkeltemne, deretter Søknad om å bli enkeltemnestudent eller privatist hausten 2012 i SøknadsWeb.
- Fyll ut Skjema for studiekompetanse og send det til adressa som står på skjemaet. Legg ved dokumentasjon på generell studiekompetanse. Søkjer du på bakgrunn av realkompetanse, må du sende inn dokumentasjon på realkompetanse, krysse av for at du søkjer på bakgrunn av realkompetanse på skjemaet, og skrive kva for emne du ønskjer å bli vurdert for. Du blir vurdert på bakgrunn av realkompetanse dersom det framgår av skjemaet ditt at du er realkompetansesøkjar.
Søknadsfrist hausten 2012:
- 1. august 2012
Det er same frist om du søkjer på grunnlag av generell studiekompetanse eller på grunnlag av realkompetanse.
Fristen gjeld også for innsending av dokumentasjon.
Vi kan be deg leggje fram originaldokumentasjon. Om du ikkje viser fram originalane på førespurnad, vil du få avslag på søknaden.
- Dersom du blir kvalifisert, kan du søkje på emne med ledig plass i StudentWeb frå 21. august kl. 9.
Dersom du er registrert med generell studiekompetanse
Du treng ikkje søkje om å bli kvalifisert for å ta enkeltemne. Vil du likevel ha ei påminning om fristar og prosedyrar per e-post, kan du registrere ein søknad i SøknadsWeb.
Les kva du må gjere dersom du i tillegg ønskjer å ta emne i realfag og/eller informatikk.