Om enkeltemne på bachelornivå

Enkeltemne har to opptak i året, i januar og i august.

Når vert lista med enkeltemne lagt ut?

I januar og i august. Les meir om når og korleis søkje.

Kvifor ligg ikkje lista over ledige enkeltemne ute heile tida?

Studentar på bachelorprogram får prioritert plass på emna fram til midten av januar og midten av august. Først etter at programstudentane har hatt moglegheit til å velje, veit vi kva for emne som har ledige plassar. Da kan vi lage lista og leggje ho ut. Her finn du alle emne ved UiO.

Kan eg studere fleire semester?

Får du innvilga plass på eit emne, er du enkeltemnestudent berre det semesteret. Du kan ta enkeltemne fleire semester, og du kan velje å ta fleire enn eitt emne per semester.

Kan eg bruke emna i ein grad?

Dersom du har teke alle emna som krevst, kan du få ein fritt samansett bachelorgrad.

Treng eg aktiv studierett?

Du treng ikkje ein aktiv studierett for å ta enkeltemne på bachelornivå. Merk at du blir enkeltemnestudent for kun eitt semester av gongen.

Nokre emne er berre tilgjengelege for studentar som er tekne opp på eit bachelorprogram. Som enkeltemnestudent kan du ikkje få ein grad der slike emne er obligatoriske.

Får eg støtte frå Lånekassen?

For informasjon om støtte frå Lånekassen sjå Lånekassen sine nettsider om deltidsstudium.

Enkeltemne på masternivå

Privatist?

Les om kva du må gjere i tillegg om du skal vere privatist på jusstudiet.

Får eg brukarnamn og passord?

Er du ny enkeltemnestudent, får du ei tekstmelding med brukarnamn etter at du har fått innvilga plass på eit emne, registrert deg og har betalt semesteravgifta. Passord set du sjølv.

Kva rettar og plikter har eg?

Som enkeltemnestudent har du mange av dei same rettane og pliktene som programstudentar. Du kan følgje all undervisninga i emne du har fått innvilga plass på, og må delta i obligatoriske aktivitetar dersom emnet har slike. Enkeltemnestudentar tek same eksamen som programstudentane.

Eg går allereie på eit studieprogram. Kan eg ta enkeltemne?

Går du på eit studieprogram, har du utdanningsplan. Vil du søkje plass på andre emne enn dei som kan inngå i utdanningsplanen, kan du gjere dette etter at du har registrert deg. Vel Aktive emne i menyen i Studentweb. Du må normalt vente til emne med ledig plass blir lagt ut, det vil seie frå samme dato som enkeltemnestudentar kan melde seg, men det vil avhenge av kva for studieprogram du går på. 

Publisert 8. des. 2014 10:11 - Sist endra 3. jan. 2023 13:19