Enkeltemne: informatikk og realfag
Alle som ønskjer å ta enkeltemne innan informatikk og realfag må søkje om å bli kvalifiserte. Dei aller fleste bacheloremna har spesielle opptakskrav utover kravet om generell studiekompetanse.
Informatikk og realfag er to ulike søknadsalternativ i SøknadsWeb. Dei har ulike spesielle opptakskrav.
Søk om å bli kvalifisert
- Vel søknadsalternativet Enkeltemne og deretter Søknad om å bli enkeltemnestudent eller privatist hausten 2012
- Fyll ut Skjema for studiekompetanse og send det til adressa som står på skjemaet saman med naudsynt dokumentasjon:
- Alle søkjarar må dokumentere dei spesielle opptakskrava og generell studiekompetanse. Står det 'Du er registrert med generell studiekompetanse' i SøknadsWeb, treng du berre dokumentere dei spesielle opptakskrava.
- Søkjer du på bakgrunn av realkompetanse, må du sende inn dokumentasjon på realkompetanse og spesielle opptakskrav, krysse av for at du søkjer på bakgrunn av realkompetanse på skjemaet, og skrive kva for emne du ønskjer å bli vurdert for. Du blir vurdert på bakgrunn av realkompetanse dersom det framgår av skjemaet ditt at du er realkompetansesøkjar.
Søknadsfrist hausten 2012:
- 1. august 2012
Det er same frist om du søkjer på grunnlag av generell studiekompetanse eller på grunnlag av realkompetanse.
Fristen gjeld også for innsending av dokumentasjon.
Vi kan be deg leggje fram originaldokumentasjon. Om du ikkje viser fram originalane på førespurnad, vil du få avslag på søknaden.
- Dersom du blir kvalifisert, får du ein studierett som heiter 'Realfag lavere grad'. Da kan du søkje på emne med ledig plass i StudentWeb frå 21. august kl. 9.
Les kva du må gjere dersom du i tillegg ønskjer å søkje på emne i kultur-, språk- og samfunnsfag.