print logo

Slik får du generell studiekompetanse

Utdanning/praksis   Fagkrav (felleskrav: må være bestått med karakteren 2 eller betre
Fullført og bestått 3-årig vidaregåande utdanning OG Norsk
Hovudmål, sidemål, munnleg 393 årstimer
eller Engelsk
140 årstimer
Fagopplæring med fag/sveinebrev Samfunnsfag
84 årstimer
eller Historie
140 årstimer
Yrkespraksis og utdanning etter 23/5-regelen
(fylte 23 år i opptaksåret og minst 5 års utdanning/praksis)
Matematikk
224 årstimer
 

Naturfag
140 årstimer

 Slik dekkjer du fagkrava i dei ulike reformene:

Kunnskapsløftet (2008 - )   Reform 94 (1997 - 2007)
Norsk 393 årstimar   Norsk 14 veketimar
Engelsk 140 årstimar Engelsk 5 veketimar
Samfunnsfag 84 årstimar Samfunnslære 2 veketimar
Historie 140 årstimar Nyere historie 4 veketimar
Matematikk 224 årstimar Matematikk 5 veketimar
Naturfag 140 årstimar Naturfag 5 veketimar

Andre måtar å oppnå generell studiekompetanse på

23/5-regelen

Fyller du 23 år i løpet av opptaksåret og kan dokumentere 5 års yrkespraksis og/eller utdanning kan dette også gje generell studiekompetanse. Fagkrava må dekkjast.

Høgare utdanning

Har du eksamen fra høgskole- eller universitetsstudium på minst eitt år (eller to halvårige studium), kan du få generell studiekompetanse. Høgare utdanning som er avbroten gjev normalt ikkje generell studiekompetanse. Utdanning av tilsvarande omfang frå andre lærestader kan også gje generell studiekompetanse.

Har du fullført eit studium på norsk eller eit anna nordisk språk ved ein lærestad i Norge/Norden, treng du ikkje å dokumentere norsk i tillegg.

Er utdanningen teken på eit ikkje-nordisk undervisningsspråk eller ved ein lærestad utanfor Norden, må ein også dokumentere norskkunnskapar (informasjon på engelsk).

Korleis oppnå generell studiekompetanse for søkjarar med utanlandsk utdanning

For å fylle kravet til generell studiekompetanse, må søkjarar med vidaregåande utdanning frå land utanfor Norden dokumentere bestått utdanning på nivå med norsk 3-årig vidaregåande opplæring. Den utanlandske utdanninga blir vurdert ut fra gjeldande retningslinjer for minimumskrav for opptak til universitet og høgskular. Søkjarar som ikkje oppfyllar minimumskrava, må ta fag frå norsk vidaregåande skule. Du finn meir informasjon om korleis ein oppnår generell studiekompetanse, avhengig av kva land ein har gått på skule i, på nettsidene til Samordna opptak (ekstern side).

I tillegg til den vidaregåande opplæringa må du også dokumentere tilfredstillande kunnskapar i norsk og engelsk.

 

Dekkjer du ikkje krava til generell studiekompetanse er det mogleg å bli studiekvalifisert på bakgrunn av realkompetanse.

Publisert 12. apr. 2010 15:48 - Sist endra 28. mar. 2012 13:09