Unntak frå nye krav for programstudentar

Studentar som fekk opptak til studieprogram ved Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet før hausten 2018, får unntak frå dei nye spesielle opptakskrava som vart innført.

Nye spesielle opptakskrav ved MN

Frå hausten 2018 vart det innført nye spesielle opptakskrav til nokre studieprogram på bachelornivå ved Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet. Av den grunn fekk óg emne i realfag (unntatt informatikk) nye krav. For emne i biovitenskap blir det endringer frå hausten 2019.

Sjå dei gjeldande opptakskrava til program frå hausten 2018.

Fritak for programstudentar med opptak før hausten 2018

Fekk du opptak på programmet før hausten 2018, og studieretten din framleis var aktiv den 1. juni 2018, er du som programstudent unntatt frå dei nye krava.

Til og med våren 2022 kan du óg ta enkeltemne i realfag utan å dokumentere dei nye krava. Dette gjeld sjølv om du fullfører eller sluttar på programmet ditt før våren 2022. Du må kvart semester orientere deg om kva for fristar som gjeld for deg.

OBS! Dette gjeld kun for det programmet du gjekk på den 1. juni 2018, og for enkeltemne i realfag ved UiO til og med våren 2022. Viss du seinare søkjer om opptak til studieprogramma som fekk nye krav frå hausten 2018, må du dokumentere dei nye spesielle opptakskrava for å bli kvalifisert. Sjå óg om du allereie dekkjer dei nye krava med emne frå UiO.

Frå hausten 2022 må du dokumentere at du oppfyller dei nye spesielle opptakskravene viss du framleis vil ta enkeltemne i realfag (unntatt informatikk).

Liste over program som fekk nye krav

Program som framleis tar opp nye studentar

  • Elektronikk, informatikk og teknologi (bachelor)
  • Fysikk og astronomi (bachelor)
  • Geofysikk og klima (bachelor)
  • Geologi og geografi (bachelor)
  • Informatikk: robotikk og intelligente systemer (bachelor)
  • Kjemi og biokjemi (bachelor)
  • Matematikk med informatikk (bachelor)
  • Matematikk og økonomi (bachelor)
  • Materialvitenskap for energi- og nanoteknologi (bachelor)
  • Lektorprogrammet, studieretning realfag

Program som ikkje lenger tar opp nye studentar

  • Biologi (bachelor)
  • Elektronikk og datateknologi (bachelor)
  • Fysikk, astronomi og meteorologi (bachelor)
  • Geofag: geologi, geofysikk og geografi (bachelor)
  • Informatikk: nanoelektronikk og robotikk (bachelor)
  • Kjemi (bachelor)
  • Lektorprogrammet, opptak 2009-2013 (master - 5 år)
  • Lærerutdanning - LAP, opptak før 2009 (master - 5 år)
  • Matematikk, informatikk og teknologi (bachelor)
  • Materialer, energi og nanoteknologi (bachelor)
  • Molekylærbiologi og biologisk kjemi (bachelor)

Les om kva som gjeld for aktive enkeltemnestudentar

Kontakt

Knutepunktet - sentralt studentinformasjonssenter

Publisert 13. apr. 2018 10:12 - Sist endra 3. juni 2021 13:50