print logo

Europastudier

Innanfor rammene av masterprogrammet i statsvitskap er det gode høve til å spesialisere seg i Europarelaterte spørsmål, enten ein har ein bachelorgrad i Europastudium i botnen eller ikkje. Bachelorprogrammet i Europastudium (EU) ved Universitetet i Oslo gir ei fleirfagleg innføring i europeiske forhold, både i EU og i statane i Europa. På master­programmet er det mogleg å vidareføre ei Europa-spesialisering ved å velja emne frå kursmenyen som handlar om europeiske forhold, og ved å skrive masteroppgåve om eit Europarelevant tema. Samtidig inneber masterprogrammet i statsvitskap at ein spesialiserer seg innanfor ein vitskapeleg disiplin: statsvitskap, og gjerne også innafor eitt av fagets fire kjerneområde.

Det finst emne innafor alle kjerneområda som kan inngå i ei Europaspesialisering. Desse fell i to kategoriar: reiskapsemne og substansemne. Reiskapsemne er teorikurs som ikkje direkte handlar om europeiske forhold eller inneheld europeisk empiri, men som gir teoretiske reiskapar for å forstå Europa. Substansemne inneheld i tillegg europeisk empiri.
Aktuelle problemstillingar innafor Europastudium kan hentast frå alle fagets fire delar.
 
Politisk teori:
 
STV4103B Spillteori, kommunikasjonsteori og forhandlingsteori (reiskapsemne)
STV4158B Democratic citizenship (reiskapsemne)
 
Internasjonal politikk:
 
STV4225B International Security Policy
STV4229B Foreign Policy Analysis: The European Union
STV4212B Internasjonal politisk økonomi (reiskapsemne)
STV4224B Theories of International Relations (reiskapsemne)
STV4228B Spillmodeller og internasjonalt samarbeid (reiskapsemne
STV4283B Selected Topics in Peace and Conflict Studies (reiskapsemne)
 
Komparativ politikk:
 
STV4332B Vest-Europa
STV4333B Sentrale-Europa og Baltikum (tidligare Sentrale og Øst-Europa
STV4302B Nasjon, stat, nasjonalisme (reiskapsemne)
STV4305B Politisk representasjon (reiskapsemne +)
STV4306B Politiske partier (reiskapsemne +)
STV4307B Politikk i avanserte industrisamfunn (reiskapsemne +)
STV4312B Politiske konfliktlinjer og valg (reiskapsemne +)
STV4321B Human rights, ideologies and political regimes (reiskapsemne)
 
Offentleg politikk og administrasjon:
 
STV4444B Europeisk regionalisme og multi-level governance
STV4445B EU and the nations states: Policy formulation and implementation
STV4405B Organisasjonsutforming og forvaltningspolitikk (reiskapsemne)
STV4407B Institusjonell teori (reiskapsemne)
STV4428B Teorier om offentlig politikk: nasjonalt og internasjonalt (reiskapsemne +)
 
 (Emne som er merka reiskapsemne + har også noko europeisk empiri. Emne som hovudsakeleg har norsk eller utanomeuropeisk empiri er ikkje med på lista).
 
Faste lærarar som jobbar med europeiske problemstillingar:
 
 

Se alle emner gitt ved Institutt for statsvitenskap

Publisert 26. mai. 2008 14:39 - Sist endret 11. jun. 2008 13:22