Kom i gang med Brukerinfo

Ei rask innføring i kva du kan bruke Brukerinfo til og korleis du gjer det.

Kva du får tilgang til

Hugs at om du har fleire brukarnamn, må du logge på med brukarnamnet og passordet for brukarkontoen som inneheld informasjonen du vil vise eller endre.

 

Personopplysningar

Personopplysningar tilknytta deg som person ved UiO.
Informasjon om den brukarkontoen du har logga på med, og muligheit for å angi den som primærkonto.
Informasjon om dine utskrifter, brukt/attståande mengde av utskriftskvota og eventuelle innbetalingar for utskrifter som overskrid kvota. For meir informasjon om utskriftstenestene sjå Utskrift.
Informasjon om din e-postkonto og muligheiten til å endre innstillingar for spamfiltrering, vidaresending og fråværsmeldingar. For meir informasjon om e-posttenestene sjå E-post.
Informasjon om dine gruppemedlemskap, muligheiten til å administrere medlemskap i grupper, opprette personleg filgruppe og søk om oppretting av nye grupper.

Informasjonen er organisert i kategoriar brukaren navigerer mellom ved hjelp av faner eller ved å bruke snarvegane på startsida.

Komme igang

For å logge på treng du ein brukarkonto ved Universitetet i Oslo. Logg inn på brukerinfo.uio.no med ditt UiO-brukarnavn og passord.

Påloggingssida til Brukerinfo

Innloggings-sida til Brukerinfo. Bruk ditt UiO-brukarnamn og passord.

Etter innlogging får du opp hovedsida med ein topp-meny over kategoriane av tenester, samt snarvegar til ofte brukte tenester.

Startsida i Brukerinfo etter at du har logga på.

Startsida etter innlogging i Brukerinfo.

Du finn meir informasjon om dei ulike sidene i sideoversikten.

Publisert 8. juni 2010 13:58 - Sist endret 15. mai 2017 10:40