Sidene i Brukerinfo

Dette er ei forklaring til dei ulike sidene i brukerinfo. Overskriftene er oppdelt etter topp-menyen i brukerinfo, oversett til norsk (engelsk tittel står i parentes).

Person (Person)

Under Person finn du opplysingar om din person ved UiO. Desse opplysingane kan ikkje endrast i brukerinfo, men du bør likevel sjekke at alt stemmer.

Informasjonen kjem frå to forskjellige stader: Felles Studentsystem (FS) og SAPUiO - personalsystemet til dei ansatte. Om data ikkje stemmer, må du snakke med det rette kontaktpunktet:

Av informasjon på denne sida finn du blant anna:

  • Display name: Dette er ditt offisielle namn, dvs. namnet ditt som vert brukt rundtom i andre system.
  • Birth: Din fødselsdato.
  • Your person has the following affiliation(s): Med affiliation meinast di tilknytting ved UiO (til dømes ansatt eller student).
  • Names: Ditt namn slik det er registrert i dei forskjellige systema.f
  • National ID number: Ditt fødselsnummer slik det er registrert i dei forskjellige systema.

Brukarkonto (Account)

Brukarkonto-sidene gjeld behandling av brukarkontoen du er logga på med. For behandling av ein av dine andre brukarkontoar må du logge ut og inn att med den riktige brukarkontoen.

Om du lurer på kvifor det er skilnad mellom person og brukarkonto, er dette fordi det er nødvendig for ulike datasystem. Ein person kan ha fleire brukarkontoar av ulike årsaker, bl.a. for å ha tilgangskontroll til ulike datasystem, men har berre ein person fordi det er ein del informasjon som er felles for alle brukarkontoane (personnummeret ditt er det samme uansett antal brukarkontoar).

Brukarkontooversikt (Your account)

På brukarkonto-sida får du informasjon om brukarkontoen du har logga på med. Desse opplysingane kan ikkje endrast i brukerinfo.

Av ulik informasjon på denne sida finn du:

  • Your account is active in the following system(s): Dette fortel om dine "spreads", dvs. i kva datasystem er brukarkontoen din tilgjengelig. Dei stadene du får oppført her er dei stadane du vanlegvis kan logge deg på.
  • Your account has the following affiliation(s): Kva tilknytting brukarkontoen din har, som bestemmer kva andre innstillingar du får, som til dømes spreads - kva system du får tilgang til.

Når du trykker på Show details vil du få tilgang til endå meir informasjon. Dette er informasjon for dei spesielt interesserte:

  • Shell: Dette betyr kva shell du får då du logger deg på GNU/Linux. Eit shell gir deg tilgang til forskjellige kommandoar og oppførsel, og er berre interessant for dei som treng spesiell oppførsel på GNU/Linux. Denne kan endrast i bofh.
  • User id: Brukarkontoen din sin interne id i cerebrum.
  • Description: Forklarer kven som er eigaren til brukaren.
  • Default group: Brukaren si standard filgruppe. Nye filer vil få denne gruppa som gruppe-eigar.
  • Default group id: Den interne id'en til standard filgruppe.
  • Disk_quota: Kor mykje plass du har på heimeområdet ditt.
  • Home: Kor heimeområdet ditt er plassert.
  • Home status: Status på heimeområdet til brukaren. Vanlegvis skal det stå on_disk, som betyr at alt er ok.

Heilt nederst vil det, dersom du har fleire brukarkontoar, ligg ei liste over desse, både aktive og sletta.

Primærkonto (Make account primary)

På denne sida kan du sette den brukarkontoen du er logga på med til primærkonto. Dette har noko å seie for enkelte datasystem, som berre kan innehalde ein brukarkonto per person. Veit du ikkje kva dette betyr, har du heller ikkje behov for å endre på primærkontoen.

For å sette ein anna av brukarkontoane dine til primærkonto må du logge inn med den spesifikke brukarkontoen.

E-post (E-mail)

E-post-sidene tek for seg generelle innstillingar som påvirkar både webmail og e-post-program, bortsett frå Sieve-filtreringa som framleis ligg i WebMail.

E-postoversikt (E-mail overview)

Oversikten viser e-post-innstillingane til din aktive brukarkonto, samt ein kort informasjon om dine andre brukarkontoar sine e-post-innstillingar. Ein del av denne informasjonen kan du endre på dei andre e-post-sidene.

Av informasjon finner du:

  • Primary address: Dette er adressa som all utgåande e-post vil få. Denne vil overskrive den adressa du eventuelt skulle sette i e-post-programmet ditt.
  • Valid addresses: Dette er ei liste over alle e-post-adresse som tilhøyrer din e-post-konto. Legg merke til at alle brukarar ved UiO har e-post-adressa brukarnavn@ulrik.uio.no. Denne adressa kan ikkje slettast, og er til for å enklare kunne vite e-post-adressa til alle brukarar ved UiO.
  • Quota: E-post-kvoten din. I parentes bak står det kor full e-post-kontoen din kan vere før du får eit varsel om dette.
  • Spam level: Nivået på spamsorteringa di. Dette kan endrast under Spam settings.
  • Spam action: Kva som skal skje med spam. Dette kan endrast under Spam settings.
  • Filtering: Ekstra spam-filter som kan aktiverast. Dette endrast under Additional spam settings.
  • IMAP server: På kva tenar ligger e-post-kontoen din.

Spam-innstillingar (Spam settings)

Her set du standard spam-innstillingar.

Ekstra spam-innstillingar (Additional spam settings)

Ekstra spam-filter du kan aktivere for å bekjempe spam meir effektivt. 

Fråværsmeldingar (Out of office messages)

Fråværsmeldingar eller feriemeldingar, er ikkje lengre med i Brukerinfo. Les meir på nettsida om fråværsmeldngar i webmail (OWA).

Vidaresending (Forwarding)

Vidaresending av din UiO-e-post til ein annan e-post-konto. Dette er mogeleg, men anbefalast ikkje av hensyn til tryggleiken. NB! Det er forboden for alle ansatte ved UiO å aktivere automatisk videresending av e-post til eksterne e-postadresser. Les meir om dette hos e-post-tenesta til UiO.

Legg merke til at du kan velge å behalde ein kopi av e-postane i din UiO-konto. Denne kan aktiverast eller deaktiverast sjølv om du ikkje fyller ut ei e-post-adresse i utfyllingsfeltet over.

Trådlauskontoar (Wireless accounts)

Har du gjestar frå utanfor UiO som treng nett-tilgang? På denne sida kan du opprette og administrere kontoar som gir tilgang til UiO sitt trådlause Eduroam-nett for gjestar som ikkje har UiO-konto eller tilgang til net på anna vis. Kontoane er tidsavgrensa og gir berre tilgang til det trådlause nettet Eduroam på UiO. Du kan ha 3 aktive trådlauskontoar om gangen.

Dine trådlauskontoer (Your wireless accounts)

Oversikta viser aktive trådlauskontoar som du har oppretta. Ved å klikke på brukarnamnet til kontoen, får du opp detaljert informasjon om kontoen, samt knappar for å avslutte kontoen, eller setje nytt passord for kontoen.

Opprett trådlauskonto (Create wireless account)

På denne sida kan du opprette ein ny trådlauskonto. Du må skrive inn namn og mobilnummer for gjesten du opprettar kontoen for, og du må velje kor lenge kontoen skal vere aktiv. Tenesta lagar automatisk brukarnamn og passord og sender det til mobilnummeret du oppgav, som ein SMS. Vær merksam på at tenesta kun fungerar med norske mobilnummer. Nettet gjesten kan koble til, heiter Eduroam. Sjå rettleiing for å koble til Eduroam-nettet.

Publisert 12. mai 2010 10:03 - Sist endret 25. sep. 2017 13:35