English version of this page

Krav til passord

Hovudformålet med passordreglar er å minimalisere sannsynet for at passord skal vere enkelt å gjette av ein tredjepart.

Krav til passord

Når du skal velje eit passord, må det

  • ikkje likne på eit tidlegare passord
  • ha over 10 poeng på kompleksitetsskalaen

Passord-kompleksitet

Kompleksiteten av eit passord vert målt i poeng. Poengsummen eit passord vil få er avhengig av blant anna lengde og talet på teikngrupper som er representerte i passordet.

Poengsummen vert rekna ut ved å summere dei følgjande reglane, og dividere resultatet med 3,3:

  • Fire poeng for det første teiknet i passordet
  • To poeng for kvart av dei sju neste teikna
  • Kvart poeng frå teikn ni til og med teikn 20 får eitt og eit halvt poeng
  • Kvart teikn etter teikn 20 får eitt poeng
  • Seks poeng bonus om passordet inneheld teikn av minst tre av dei fire teikngruppene (store bokstavar, små bokstavar, tal og spesialteikn)
  • Åtte poeng (total) bonus om passordet inneheld minst to teikn for kvar da dei tre teikngruppene

Du kan sjølv velje om du ynskjer å nytte passord eller passordfrase (ein setning som inneheld mellomrom).

Publisert 24. nov. 2015 07:55 - Sist endret 13. juni 2017 16:20