Gje ein WebID-brukar tilgang til ei teneste

Feide-brukarar som har moderatortilgang til ei WebID-gruppe kan invitere WebID- og Feide-brukarar til å bli medlem av gruppa, og på den måten gje dei tilgang til tenesta/tenestene gruppa brukast i.

Om du ønsker at nokre som ikkje har ein Feide-brukar eller brukarkonto ved Universitetet i Oslo skal få tilgang til ei teneste, til dømes for å kunne redigerer eit fellesdokument i Vortex, kan dette løysast ved hjelp av WebID.

  1. Sjekk først:
    • At tenesta faktisk bruker WebID.
    • At gruppa er oppretta i WebID. Merk at grupper utan medlem ikkje er synlege i andre nettenester enn på webid.uio.no.
    • At du har moderatortilgang eller eig WebID-gruppa - hvis ikke får du ikkje lagt til medlem.
    • At gruppa gir dei riktige tilgangane i tenesta.
  2. Gå til webid.uio.no og logg inn med ditt Feide- eller UiO-brukernamn og -passord. Om du ikkje har Feide- eller UiO-brukernamn og -passord, kan du ikkje opprette grupper eller invitere til WebID-grupper.
  3. Gå til Dine grupper og klikk på WebID-gruppa som skal brukast.
  4. Gå til Inviter medlemmer og fyll inn e-postadressene til dei som skal få tilgang.

Når dette er gjort, vil kvar mottakar få ein e-post med informasjon om WebID og ei lenke for å bli med i gruppa. Når ein går til lenka får ein ulike alternativ:

  • Logg inn med eigen Feide-brukar, om ein har dette. Ved å logge inn via Feide vil Feide-brukaren bli medlem av gruppa.
  • Logg inn med tidlegare oppretta WebID-brukar. Ved å logge inn i WebID vil ein bli medlem av gruppa.
  • Registrere ein ny WebID-brukar. Når ein har registrert seg vil den nyoppretta WebID-brukaren bli medlem av gruppa.

Oppsett av WebID-gruppa i ei nettenestene

Gruppa må først opprettast i WebID og få minst eitt medlem, då tomme grupper er usynlege for tenestene. Etter nokre minuttar skal gruppa vere tilgjengeleg i tenestene.

Sidan grupper behandlast ulikt frå teneste til teneste varierer også måten WebID-grupper brukast på. I hovudsak skal ein likevel kunne gje tilgangar til WebID-grupper som andre grupper i tjenesta. Den største skilnaden på WebID-grupper og andre grupper er at medlemma må tilordnast frå webid.uio.no og ikke internt i tenesta.

Publisert 14. mars 2011 20:04 - Sist endra 5. des. 2011 11:14