Kven treng ein WebID-brukar?

Alle som ikkje har ein Feide- eller UiO-brukar, treng ein WebID-brukar om dei skal få tilgang til nettenester ved UiO med støtte for WebID.

For å få tilgang til nettenester ved UiO må du oppgje brukarnamn og passord. Tidlegare kunne dei som administrerer ei teneste berre gje tilgang til personar med Feide- eller UiO-brukarnamn og -passord. Med WebID kan også personar utan Feide- eller UiO-brukarnamn få tilgang. Slike eksterne personar kan for eksempel være forskarar ved utanlandske universitet som skal få opprette og redigere nettsider i Vortex ved UiO. Den eksterne personen får ein invitasjon om å opprette ein WebID-brukar, og denne brukaren kan administratoren ved UiO gje tilgang til på lik linje med UiO-brukarar.

Merk: Ikkje alle nettenester ved UiO har støtte for WebID.

Du treng ein WebID-brukar dersom:

  • Du ikkje har ein brukarkonto ved Universitetet i Oslo.
  • Du ikkje har ein brukarkonto ved ein institusjon som er med i Feide-samarbeidet.
  • Tenesta du vil bruke har støtte for bruk av WebID.

Du treng ikkje ein WebID-brukar dersom:

  • Du allereie har ein Feide- eller UiO-brukar. Du brukar denne om du skal opprette ei gruppe i WebID eller invitere andre til å opprette ein WebID-brukar.
Publisert 14. mars 2011 20:04 - Sist endra 25. mars 2011 14:52