Står du i fare for å bli sletta?

WebID sletter automatisk brukarkontoar som ikkje er i bruk lenger, så brukarar må passe på å oppdatere seg.

For å bli sletta må følgande ha skjedd:

  • For Feide-brukarar: Har ikkje logga inn på webid.uio.no på 365 dagar. Merk at det er ikkje nok å logge på andre IT-tenester som bruker WebID-data.
  • For WebID-brukarar: Har ikkje bytta passord på 365 dagar.

Merk at sletta WebID-brukarar kan ikkje gjenopprettast. Ein må då opprette ein ny brukar i staden for.

For Feide-brukarar er konsekvensen at ein meldast ut av alle grupper ein var medlem av. Du må då bli invitert til alle gruppene på nytt.

E-postvarsel

30 dagar før brukaren ville blitt sletta vert det sendt ut ein e-post til brukaren si registrerte e-postadresse. I denne ligg det ei lenke for å avbryte slettinga.

Ein har andre muligheter enn å følge lenka i varselet for å unngå å bli sletta:

  • For Feide-brukarar: gå til webid.uio.no og logg deg inn. Brukaren din er no aktiv i 365 dagar til.
  • For WebID-brukarar: logg inn i webid.uio.no og bytt passord. Brukaren din er no aktiv i 365 dagar til.

Merk at det berre vert sendt ut eitt varsel om sletting.

 

For meir info, sjå Automatikk i WebID.

Publisert 31. mars 2011 11:37 - Sist endra 25. nov. 2015 20:00