Kva er ein WebID-brukar?

Ein WebID-brukar er ein brukarkonto som kven som helst kan opprette, og som kan få tilgang til tenester som har støtte for WebID. WebID-brukarar kan brukast av eksterne personer for å få tilgang til tenester utan at dei må skaffe seg ein intern UiO-brukar.

WebID-brukarar kan kven som helst opprette ved å registrere seg på webid.uio.no. For å kunne bruke WebID-brukaren i ei teneste må nokre legge til brukaren som medlem i ei WebID-gruppe. Alle medlem av gruppa kan logge seg på tenesta. Merk deg at WebID-brukarar ikkje får tilgang til anna enn tenestene han eller ho er lagt inn i ei gruppe for. Tenester som e-post og tilgang til trådlaust nett støttast ikkje.

Ein WebID-brukar består av følgande informasjon:

  • Eit unikt brukarnamn på forma brukarnamn@webid.uio.no. Dette må brukaren velge sjølv, men det kan ikke byttast seinare utan å måtte opprette ein ny brukar.
  • Eit passord. Dette må brukaren velge sjølv.
  • Ei e-postadresse som brukaren kan kontaktast på. Dette kan brukaren sjølv bytte seinare.
  • Eit valfritt fornamn og etternamn. Merk at det ikkje er nokon kontroll på at namnet stemmer. Brukarar oppmodast likevel om å oppgje eige namn for å gjere administrasjonen enklare.

Automatisk sletting av WebID-brukarar

Databasen over alle brukarar vert holdt ved like ved at alle brukarar må logge inn på webid.uio.no minst ein gang i året. Om brukaren ikkje har logga på i løpet av eit år vil den bli sletta.

Alle brukarar vert varsla via e-post i god tid før perioden går ut.

Merk at når ein WebID-brukar er sletta, er all informasjon om brukaren gått tapt, og kan ikkje gjenopprettast. Dersom ein person har gløymd å fornye brukaren sin må ein opprette ein heilt ny WebID-brukar med eit anna brukarnamn. Feide-brukarar mister sine gruppemedlemskap, eigarskap over grupper og moderatorrettigheter.

Publisert 14. mars 2011 20:04 - Sist endra 18. sep. 2013 09:19