Kva er ei WebID-gruppe?

Ei WebID-gruppe er ei gruppe som innehold WebID-brukarane som har tilgang til ei teneste. Gruppa er oppretta i webid.uio.no, og som kan brukast i tenester som har støtte for WebID.

WebID-grupper kan berre opprettast av Feide- eller UiO-brukarar. Vanlege WebID-brukarar kan være medlem i WebID-grupper, men kan ikkje opprette dei.

Ei WebID-gruppe består av følgande informasjon:

  • Eit unikt gruppenamn på forma gruppenamn@webid. Namnet kan ikkje byttast.
  • Ei beskriving av kva gruppa skal brukes til.
  • Ei valgfri lenke til kor gruppa skal brukast.

Merk at WebID-grupper ikkje er synlege i andre nettenester før dei inneheld minst eitt medlem.

Gruppeeigar

Brukaren som oppretta gruppa vert automatisk eigaren av gruppa. Brukeren kan velge å invitere ein annan Feide- eller UiO-brukar til å eige gruppa.

Eigaren av ei gruppe har tilgang til:

  • Å endre beskrivinga og lenka til gruppa.
  • Å slette gruppa. Merk at grupper ikkje kan gjenopprettast.
  • Å invitere og fjerne moderatorar av gruppa.
  • Å invitere og fjerne medlem av gruppa.

Merk at berre Feide- eller UiO-brukarar kan vere eigarar av ei gruppe, og at det er berre ein brukar som kan eige ei gruppe om gangen.

Gruppemoderator

Eigaren av ei gruppe kan invitere andre Feide- eller UiO-brukarar til å bli moderatorar av gruppa, som da får tilgang til:

  • Å invitere og fjerne medlem av gruppa.

Merk at moderatorar ikkje automatisk blir medlem av ei gruppe. Dei får altså ikkje tilgang til WebID-gruppa i andre tenester. Moderatorar har likevel tilgang til å invitere seg sjølv som medlem av gruppa.

Publisert 14. mars 2011 20:04 - Sist endra 24. mai 2011 08:56