Opprette ei WebID-gruppe

I WebID kan alle Feide- og UiO-brukarar opprette sine eigne WebID-grupper, som deretter kan brukast i tenester som støtter WebID. Både Feide- og WebID-brukarar kan bli medlem av WebID-grupper, men WebID-brukarar kan ikkje opprette eller moderere grupper.

For å få oppretta ei WebID-gruppe:

  1. Gå til webid.uio.no.
  2. Klikk på Logg inn under WebID-grupper.
  3. Oppgi Feide-/UiO-passord og brukarnamn. WebID-brukarar (brukarar som er oppretta i WebID) har ikkje tilgang til å opprette eller moderere grupper.
  4. Klikk på Opprett ny gruppe.
  5. Fyll ut nødvendig informasjon.
    • Namn er gruppa sin identifikator i alle tenester som gruppa skal brukast i.
    • Beskrivelse skal forklare andre kva gruppa skal brukes til. Denne bør vere så forståeleg som mogeleg for å gjere det enklare for andre å finne fram blant grupper.
    • Nettside er valfritt, men bør peike til kor gruppa i hovedsak skal brukast. Dette er for å hjelpe moderatorar å få oversikt over kor ulike grupper brukast.
    • Du kan til slutt velge å ikkje legge deg sjølv til som medlem av gruppa. Merk at du seinare kan invitere deg sjølv til gruppa.

Når gruppa er oppretta kan du invitere andre Feide-brukarar, WebID-brukarar og personar som ikkje er tilknytta UiO, til å bli medlem av gruppa.

Gruppa vert tilgjengeleg i dei ulike tenestene når den inneheld minst eitt medlem. Merk at det også vil ta nokre minuttar før gruppa er tilgjengeleg i dei ulike tenestene. Gå til dei ulike tenestene for å bestemme kva gruppa skal gje tilgang til.

Du kan invitere andre Feide-brukarar til å kunne moderere gruppa for å fordele administrasjonsarbeidet. Merk at WebID-brukarar ikkje kan moderere eller opprette grupper.

 

Publisert 14. mars 2011 20:11 - Sist endra 16. nov. 2016 09:55