Rapportering av IT-sikkerheitshendingar

Alle IT-sikkerheitshendingar kan rapporterast i e-post eller via telefon. Vi føretrekkjer rapporteringa på e-post. Sjå UiO-CERT sin kontaktinformasjon.

Korleis rapportere?

Når du skal rapportere ei IT-sikkerheitshending, er det viktig å få med så mykje data som mogleg frå starten av.

Dette bør vera med:

  • Din kontaktinformasjon (Minimum e-postadressa og telefonnummeret ditt. Er du til tider utilgjengeleg ynskjer vi at du oppgjev ein alternativ kontaktperson som vi kan kontakte.)
  • Fakultet/institutt/avdeling/anna du høyrer til
  • Kva for relasjon har du til din lokale IT-organisasjon? Er du ein del av den?
  • Kor mange personar og maskinar du trur kan vera involvert
  • Relevant: operativsystem som er involvert (windows/unix/macOS/fleire)
  • Skildring av aktiviteten du skal rapportere (innbrot/virus/brot på konfidensialitet/anna)

Dato skal førast i samsvar til ISO 8601
 

Publisert 7. mai 2010 13:12 - Sist endra 5. okt. 2010 12:47