English version of this page

Timerekneskap ved Psykologisk institutt

Som vitskapleg tilsett har du ei plikt til å drive forsking, undervisning, administrasjon og formidling. Timerekneskapen er det pålagte pliktarbeidet innanfor undervisning og administrasjon. Gjennom timerekneskapen kan du som tilsett halde oversikt på ditt pliktarbeid.


Rutine for utfylling av timeregnskapet

Timane i timerekneskapet blir ført inn av administrasjonen ved instituttet og sendt til deg for godkjenning på byrjinga av kvart semester. Du blir bedt om å sjekke opplysningane og komme med eventuell tilføying/retting til timerekneskapen din innan ein gitt frist. Merk at timerekneskapen blir sett som godkjend om du ikkje har levert tilføyingar innan fristen. Det er viktig at du kvalitetssikrar opplysningane då leiinga nyttar oversiktene i planlegging av undervisning og ressursbruk ved instituttet. Rettingar og tilføying til timerekneskapen som er meir enn eitt semester gamle vil ikkje bli tatt til følgje.

Ved sjukdom, dokumentert med sjukemelding/eigenmelding, vil undervisningsplikta bli redusert  i samsvar med dei dagane fråværet varer. Sjukemeldingar fordelar seg likt på forskings- og undervisningsplikta.

Overskot og underskot

Overskot på timerekneskapen vil seie at ditt pålagde arbeidet har vore på fleire timar enn arbeidsplikta for det aktuelle semesteret. Tilsvarande vil du med færre arbeidsoppgåver enn arbeidsplikta få eit underskot. Det eventuelle overskotet eller underskotet av timar blir overført til neste semester.

Dersom du har overskot på timerekneskapen ber vi deg om å ta omsyn til dette i planlegginga di. Du bør då prioritere dei oppgåvene instituttet er mest avhengig av som obligatorisk undervisning, rettleiing og sensurering. Underskot på rekneskapen bør diskuterast med fagavdelingsleiar.

Mellombels tilsette har ein gitt sum arbeidsplikt innanfor ei avgrensa tilsetjingsperiode. Det er vårt felles ansvar å sørgje for at de ikkje får eller tek på deg fleire oppgåver enn arbeidsplikta som ligg til den aktuelle stillinga.

Felles normer for forskings- og arbeidsplikt

Stilling Prosentdel av arbeidsplikta til undervisning/administrasjon Arbeidstimar per år til undervisning/administrasjon
Under 60 år 60-61 år 62 år eller meir
Professor/førsteamanuensis 53 % 898 878 831
Universitetslektor 80 % 1356 1326 1254
Professor II 20 % 340  332 314
Stipendiat 25 %   424

Professor, førsteamanuensis, amanuensis

Arbeidsplikta er fordelt med 6 prosent administrasjon, 47 prosent undervisning og 47 prosent forsking.

Universitetslektor (førstelektor eller førsteamanuensis med lektorplikt)

Universitetslektorar ved SV-fakultetet med full arbeidsplikt har 80 prosent undervisings-/administrasjonsplikt.

Professor II

Professor II-stillingane ved Psykologisk institutt er i utgangspunktet reine undervisningsstillingar.

Stipendiatar

Undervisningsplikta for stipendiatar er totalt 1695 timar fordelt med 212 timar over åtte semester. Postdoktor stillingar har ei undervisningsplikt på totalt 1695 fordelt med 212 timar over åtte semester.

Publisert 23. juni 2015 14:26 - Sist endra 4. des. 2018 10:12