Storkommunar sin organisering av legetenestene og årsaker til turnover

Det er to forskrifter som regulerer kompetansen blant legar i kommunehelsetenesta: akuttmedisinforskrifta og krav til spesialisering eller spesialitet for legar i kurativ verksemd i kommunane. Samtidig er det ein pågående prosess for å endre på spesialistutdanninga i allmennmedisin. Læringsmåla og utdanningsaktiviteter som er foreslått for spesialiteten i allmennmedisin er i stor grad ein omskriving av dagens spesialisering. Dermed er den i stor grad basert på fastlegepraksis og minimum to år er foreslått å måtte gjennomførast i fastlegepraksis. Breidda i allmennmedisinen er i mindre grad fanga opp. Det er mogleg at dagens spesialistutdanning er ein drivar for turnover i dei kommunale stillingane sidan ein ikkje kan tilby spesialiseringsløp som ein kan i spesialisthelsetenesta og i fastlegepraksis. Med krav om spesialisering og læringsmål som i stor grad er basert på tid i fastlegepraksis, er det ein fare for at utfordringane storkommunane har med turnover og rekruttering vil auke.

Det er lite kunnskap på turnoverproblematikken både på størrelse og på årsaker. Kunnskap som dette vil vere relevant for forvaltninga som skal utforme spesialistutdanninga slik den også svarer på behova til storkommunane. Hypotesen som skal testes ved prosjektet er: Spesialiseringsreglane i allmennmedisin fører til høg turnover i kommunale legestillingar utanfor fastlegepraksis.

Dette er et mastergradsprosjekt ved Master i Helseadministrasjon.

TSD

  • Ja

Biobank

  • Nei

Godkjenninger

Prosjektet har ingen godkjenninger

Prosjektleder / prosjektansvarlig ved UiO

Geir Godager

Ansvarlig enhet

Avdeling for helseledelse og helseøkonomi

Forskere

  • Erlend Elde

Prosjekttype

  • Studentprosjekt – Bachelor-, master- eller spesialistoppgave

Helsefaglig forskning

  • Ja

Personopplysninger

  • Ikke besvart

Tidsperiode

  • Start: 2017