Korleis verte synleg på nett? (Søkemotoroptimalisering)

For at brukarane skal finne nettsida du lager, er det særleg viktig å tenkje på overskrifter, titlar og lenketekstar.

Mange bruker Google til å finne fram på nett. Derfor er det viktig å tenkje på korleis Google fungerer når du lager ei nettside du vil at folk skal finne fram til.

Kva ord vil du vere søkbar på?

Det første du må gjere, er å bestemme deg for kva ord du vil at folk skal finne nettsida di på. Denne jobben starter ofte før du lager sjølve nettsida. Til dømes er det lurt å tenkje på finnbarhet i prosessen med å bestemme namn på eit studieprogram eller forskningsprosjekt.

Viss du allereie har ei nettside, kan det vere lurt å sjekke kva ord folk bruker for å finne deg i dag. Du kan finne både eksterne søkeord (Google etc) og interne søkeord (frå søket på uio.no) i statistikkverktøyet Urchin.

Formatert tekst viktigast

Når Google og andre søkemotorar indekserer sider, er formatert tekst viktigare enn brødtekst. Bruk derfor ord du vil vere søkbar på i

  • titlar
  • mellomtitlar
  • lenketekstar
  • feit tekst
  • bilettekstar og alternativ-tekst til bilete
  • titlar på bilete, filmar eller andre filer

Dette gjeld òg på sider som lenker inn til sida du jobber med.

Bruk riktige titlar

Legg arbeid i å finne ein god tittel til sida di. Viss du lager ei nettside om eit forskningsprosjekt, eit arrangement eller noko anna du ønsker å spreie, kan det vere lurt å velge eit namn det er enkelt å hugse. For forskningsprosjekt med lange titlar kan ein vurdere å lage ein kortversjon av namnet.

Lenketekstar skal fortelje brukaren kva ho kjem til

  • Bruk sidetittelen eller andre nøkkelord som lenketekst når du lenker frå andre sider. Lenketekstar er viktige både på sjølve sida og på sider som lenker inn til sida.
  • Viss forskningsprosjektet ditt har ein kortversjon du vil at folk skal hugse deg som, bør du passe på at denne kortversjonen vert brukt òg i lenker inn til sida.
  • Viss du sjølv lenker til undersider, til dømes ei arrangementsliste bør du òg bruke orda du har bestemt deg for at du vil vere søkbar på i desse lenketekstane.

URL / adresse med nøkkelord

  • URLen til sida bør òg innehalde nøkkelord.
  • Kutt ord som ikkje er naudsynte frå URLen.

Vær konsistent

Bestem deg for kva ord du vil vere søkbar på, og bruk desse orda konsekvent.

  • På alle nettsider der du snakker om temaet
  • På konferansar, arrangement o.l.
  • I trykt materiale
  • Andre stader der du snakker om temaet

For at brukarane skal kunne finne temaet ditt på Google, må dei vite kva namn temaet har. Viss du greier å byggje ein "merkevare" vil fleire søkje på dette, noko som igjen gjer at sider med dette namnet kjem høgare i trefflistene.

Mål om det fungerer

Det er lurt å "google seg sjølv" med jamne mellomrom. Søk på ord du vil vere søkbar på, og sjekk kor du havner i søketreffa. Viss du har ein google-konto, er det lurt å logge seg ut før du søker, fordi dine tidlegare søk påverker kva Google viser.

Publisert 5. mai 2014 15:07 - Sist endret 29. apr. 2019 08:41