Nynorsk på uio.no

Nettstadene til statsorgan som har heile landet som tenestekrins, skal ha minst 25 prosent nynorsk i stoff som statsorganet sjølv har laga.

Ikkje berre skal ein del av det vekslande tilfanget vere på nynorsk, men også ein del av dei faste tekstane.

Interne sider og sider for tilsette er ikkje omfatta av dette kravet.

Det er eit mål for UiO å syte for at prosentdelen nynorsk vert større. På nett har vi om lag 12,3 prosent nynorsk (2015).

Leiaransvar

Det er eit leiaransvar å leggje til rette for at vi arbeider for å auke nynorskprosenten på nettsidene våre, gjennom å leggje til rette for nynorskbrukarar og gjennom å syte for midlar til omsetting der det ikkje finst interne ressurspersonar.

Parallelle målformer

Det er ikkje eit mål på UiO at alt innhald på bokmål skal finnast på nynorsk. Det er heller eit ønske å veksle mellom dei to målformene.

Fleksibilitet

Nynorskarbeidet skal vere fleksibelt, snarare enn å fokusere på påbod. Arbeidet bør ha fokus på å aktivere «latente» nynorskbrukarar, dei som ønskjer å bruke nynorsk meir.

Fokus for omsetting og nyskriving

Vi foreslår desse fokusområda for nynorskarbeidet:

Om/organisasjon

Setje om alle redaksjonelle sider (ikkje t.d. møteprotokollar) som ligg under fana om/organisasjon (for eksempel uio.no/isv/om/organisasjon) på toppnivå/alle einingar og grunneiningar om til nynorsk.

Tenester og verktøy

Setje «tenester og verktøy» om til nynorsk (NB: Menyar skal framleis vere på bokmål). Dette målet gjeld på institutt- og fakultetsnivå og ikkje nedover i strukturen. På sidene til IT-tenestene er 25 prosent nynorsk målet.

Landingssider

30 prosent av dei norskspråklege landingssidene for «vi forskar på»-kategoriane skal vere på nynorsk.

Skjema

Lage nynorskversjon av alle skjema for eksterne brukarar på sentralt nivå og fakultets- og instituttnivå.

Studiesider

Syte for at 25 prosent av studienettsidene sentralt, på fakultet og institutt er på nynorsk. Studinfo-innhold (program, emne og utvekslingsavtalar mm.) blir ikkje rekna som ein del av dette.

Personpresentasjonar

Me har malar for personpresentasjonar på nynorsk.

Biblioteksider

25 prosent av fagsider bør vere på nynorsk. Sidene under om/organisasjon bør vere på nynorsk slik det er på andre einingar.

Opplæring i nynorsk

Arbeidsgjevaren har ansvar for at dei tilsette får naudsynt opplæring i bokmål og nynorsk.

UiO vil bruke kursa til språktenesta for statsorgan i Språkrådet.

Faste rutinar for nynorskbrukarar

For dei som allereie bruker nynorsk i arbeidet, tilrår vi desse rutinane som ei rettesnor.

  • Rutine 1: Tredjekvar nyhendemelding skal vere på nynorsk.
  • Rutine 2: Tredjekvar kunngjering av stillingar skal vere på nynorsk.
  • Rutine 3: Faste tekstar som blir lagde ut, skal veksle mellom bokmål og nynorsk slik at ein tredel er på nynorsk.

Rekruttering

Kravet om å kunne skrive nynorsk gjeld alle statstilsette. Alle som rekrutterer til informasjons- og webfaglege stillingar på UiO blir oppmoda til å ha nynorskkompetanse som eit sjekkpunkt ved tilsettingar.

Nynorskressursar

Sjå Nynorsk ved UiO for informasjon om kurs, omsetjing, rapport til Språkrådet med meir.

Publisert 2. apr. 2014 10:30 - Sist endret 12. juni 2018 13:24