Terminer

Forholdet mellom hva som blir en termin på nettsidene og hvordan det er registrert i FS/TP

Mappeoppretting er basert på kva som er registrert i FS.

Så lenge berre eit terminnummer er registrert i FS med undervising det aktuelle semesteret vert det berre oppretta ei semestermappe med namn på forma <semesterinitial><tosifra årstal> (t.d. «v15»).

Emne som er registrerte i FS med «skal ha semestermappe sjølv om det ikkje er registrert undervising» har ikkje noko assosiert terminnummer, så her òg vert semestermappe oppretta utan at terminnummer vert sett.

Når meir enn eitt terminnnumer har registrert undervisings for same emnekode det aktuelle semesteret vert det oppretta ei semestermappe for kvart terminnummer. Desse får namn på forma <semesterinital><tosifra årstal>-<terminnummer>, t.d. «v15-3».

Skulle det dukke opp undervising for eit nytt terminnummer etter at semestermappe allereie er oppretta på grunnlag av at det på opprettingstidspunktet berre fanst undervising for ein termin, vil den nye terminen få namn på forma <semesterinital><tosifra årstal>-<terminnummer>, medan den gamle ikkje vil bli endra frå forma <semesterinital><tosifra årstal>.

Hvordan gå frem for å slette eller endre en termin

Opprettingsskriptet har ein logg over kva mapper som allereie er oppretta, og vil ikkje prøve å opprette desse på nytt, sjølv om dei forsvinn. (M.a.o.: Dersom ei mappe vert sletta går systemet ut i frå at det er meininga.)

Det er ingen tekniske avgrensingar på kva endringar som kan gjerast på ei mappe etter at ho er oppretta. (Men endring av stiar (for faste element) har potensiale for å skape krøll.)

Språk

Språk vert sett ut i frå undervisingsspråk på emnet. Semestermappa vert engelsk dersom emnet seier at det vert undervist på engelsk.

Publisert 2. mars 2015 11:21