Malen for utvekslingsavtaler

På utvekslingssidene presenteres UiOs utvekslingsavtaler. Alle avtaler skal ha en egen avtaleside.

 

Generelt om malen

  • Viss eit felt ikkje har innhald, vert ikkje overskrifta vist på sida.
  • Ein kan leggje inn mellomoverskrifter under kvart felt.

Kvalitetskrierie for innhald

1. Brukarfokus

Teksten skal vere skriven for ein student som lurer på å reise på utveksling. Får ho svar på det ho er interessert i å få vite?

2. Riktig plassering av innhald

Heng overskrifter og tekst saman? Er sida skannbar med korte nok avsnitt?

3. Lett å lese

Sida bør ikkje ha for lange tekstbolkar.  Ikkje bruk vanskelege ord, og ord eller setningar som ikkje er naudsynte.

4. Fungerer innleiingsfeltet?

Innhaldet her bør vere selgande. Unngå for lange tekstar - kanskje kan noko av innhaldet flyttast til andre felt?

Dei ulike felta

Innleiingsfelt

Selgande tekst. Relevant innhald kan vere:

  • Er universitetet spesielt gode på eitt fagfelt som er relevant for denne avtalen?
  • Kor i byen ligg instituttet / fakultetet?
  • Kort informasjon om spesielle ordningar på avtalen som t.d. trainee-ordning (dette bør utdypast i andre felt)
  • Info om særskilde positive ting ved universitetet som godt studentmiljø, høg grad av internasjonalisering e.l.
  • Andre spesielle ting med avtalen eller (fagmiljøet på) universitetet.

Døme på dårleg innhald:

  • Informasjon om organiseringa av avtalen
  • Opprekning av for mange fakta om universitetet

Hvem kan søke?

Relevant innhald kan vere:

  • Må eg gå på eit spesielt studieprogram ved UiO for å kunne søke?
  • Kor mange studiepoeng må eg ha teke for å kunne søke?
  • Er det andre krav til kven som kan reise på avtalen?
  • Kor gode karakterar må eg ha?
  • Er avtalen populær og dermed vanskeleg å kome inn på?

Språk

Relevant innhald kan vere:

  • Undervisningsspråk
  • Informasjon om språkkurs
  • Eventuelle språkkrav

Hvilke emner kan jeg ta?

Relevant innhald kan vere:

  • Informasjon om emnetilbodet ved universitetet/fakultetet/instituttet
  • Faglege anbefalingar
  • Informasjon om emne som erstatter konkrete emne ved UiO
  • Anna informasjon om studiemoglegheiter
  • Informasjon om uttelling

Hugs at eventuelle lenker må vedlikehaldast!

Hvor lenge varer semesteret?

Informasjon om semesterlengd ved vertsuniversitetet, gjerne på formen'

Vår: 13. januar - 24. mai

Høst: 13. august - 24. desember

Hva koster det?

Kryss av for om avtalen har skulepengar eller ikkje skulepengar. Semesteravgift vert ikkje rekna som skulepengar. Viss avtalen både har betal- og gratisplassar, krysser du av for begge vala.

Anna relevant innhald:

  • Info om eventuell skuleavgift
  • Semesteravgift og kva som eventuelt er inkludert i semesteravgifta.

Bolig

  • Informasjon om boligordningar  ved universitetet
  • Informasjon om korleis ein kan skaffe bolig på eiga hand

Annet

Innhald som ikkje passer inn under dei andre felta.

Slik søker du

Fellestekst vert lagt inn automatisk. Viss avtalen har eigne ordningar rundt søknadsprosessen (t.d. motivasjonsbrev), skriv du dette i fritekstfeltet.

Kontakt

Velg riktig fellestekst.

Studenter som har vært her tidligere

Legg inn eventuelle bloggar, reisebrev e.l. frå studentar som har reist på avtalen tidlegare.

Publisert 29. apr. 2014 18:03 - Sist endra 13. mai 2019 16:13