– Kvalitetssystemet er eit sikkerheitsnett for forskaren

– Hugs å bruka Kvalitetssystemet for helseforsking, så unngår du feilskjær i forskingsprosjektet ditt, oppmodar Jens Petter Berg, forskingsdekan ved Medisinsk fakultet.

Bildet kan inneholde: jobb.

Illustrasjonsfoto: Colourbox.com

Systemet skal sikra at helseforskingsprosjekt oppfyller alle nødvendige krav, men er enno ikkje teke i bruk så mykje som UiO ynskjer. Den fyrste versjonen av Kvalitetssystemet for medisinsk og helsefagleg forsking vart godkjend av universitetsdirektøren i 2012. Nyleg blei Kvalitetssystemet oppdatert med tilvisingar til UiO sine rutinar for forsking med personopplysningar. No skal slik forsking meldast til NSD.

– Det er få av oss som likar papirarbeid, om det er aldri så elektronisk. Men det vert feil å oppfatta Kvalitetssystemet slik. Systemet er eit sikkerheitsnett for forskaren, slik at ho kan forsikra seg om at alle nødvendige krav er oppfylte, seier Jens Petter Berg.

Bruka funna vidare

– Alle som har opplevd det, kan skriva under på kor frustrerande det er å måtta skrinleggja eit prosjekt fordi ein oppdagar at ein har oversett noko tidleg i prosjektet. Det er dumt å snubla på oppløpssida fordi ein slurva med skolissene før start, for å seia det slik.

Berg understrekar kor viktig det er for helsefaglege forskingsprosjekt å fylgja lovpålegg og krav.

– Denne forskinga er kanskje den som er mest avhengig av tillit frå andre. Pasientar må stola på at behandlinga vi tilbyr, verkar. Oppdragsgjevarar og finansiørar må stola på at vi gjer det vi har lova. Ande forskarar må kunna stola på at dei kan bruka funna våre i vidare forsking. Publikum som deltek i forskingsprosjekt må kunna stola på at vi behandlar dei og opplysingane om dei på ein etisk forsvarleg måte, seier Berg.

– Denne tillita må vi kunna dokumentera at vi er verdige til. Vi kan ikkje ta for gitt at folk skal nøya seg med å stola på vårt ærlege ansikt, seier Berg.

Liten, men jamn straum

– UiO har ein liten, men jamn straum av avviksaker. Mange av desse kunne vore unngått hadde ein brukt Kvalitetssystemet, seier han.

Kvalitetssystemet består av eit sett rutinar som beskriv oppgåver og ansvar for dei ulike rollene ein kan ha i eit forskingsprosjekt. Dei to mest sentrale rollene er prosjektleiar og forskingsansvarlege, som som regel er prosjektleiar sin nærmaste overordna. Desse to rollene har derfor fått eigne inngangar på systemet sine nettsider.

Les meir om Kvalitetssystemet for medisinsk og helsefagleg forsking

 

Publisert 23. mars 2020 15:25 - Sist endret 23. mars 2020 15:25