Forskingsetikk for nye generasjonar

I haust kjem det fleire tiltak for å auke merksemda omkring forskingsetiske spørsmål. 

Ellen Rees, forskingsdekan (foto: Alf Øksdal)

No er snart ein omstendeleg høyringsprosess om endringer i forskingsetikklova ferdig. Lova, som tredde i kraft i 2007, skulle fastslå kven som har ansvar for kva i forskingsetiske saker.

Det gjaldt både på institusjonsnivå, der det vart oppretta interne utval mange stadar, og nasjonalt, i regi av dei (eksisterande) nasjonale forskingetiske komiteane.

Dei foreslåtte endringene slår mellom anna fast at den enkelte forskaren skal “opptre varsomt” og at institusjonane har ansvar både for førebygging og for behandling av saker om mogelege brott på forskingsetiske normer.

Desse sakene skal ifølge dei foreslåtte endringene, bli tekne opp i eigne fagleg uavhengige utval, slik det lenge har vore praksis ved UiO.

Kva inneber det å “opptre varsomt” for den einskilde HF-forskaren?

Ansvaret for dei forskningsetiske normene ligg framleis hos fagmiljøa. Normene varierer frå fag til fag, og vi humanistar har kanskje vore lite medvetne om normene våre, eller iallfall lite flinke til å kommunisere dei.

Allereie i dag, onsdag 14.10, lanserer vi ei ny, meir spissa utgåve av det obligatoriske seminaret i forskingsetikk for ph.d.-stipendiatane, der vi legg endå større vekt på å formidle kva normene i humanistisk forsking er (eller bør vere) og kor viktig det er å reflektere over etiske implikasjonar i eiga forsking.

Stort halvdagsseminar i forskingsetikk

Onsdag 18. november arrangerer sentraladministrasjonen eit halvdagsseminar i forskingsetikk for heile UiO. Eg leier komitéen for dette seminaret.

Tanken er å nå forskarar på alle nivåa og frå alle faga og få dei i dialog med kvarandre.

Vi inviterer til paneldebatt, orientering om dei foreslåtte endringene i forskingsetikklova og refleksjonar omkring UiOs 10 bod for god forskingsetikk;

  • Er desse boda gode nok?
  • Fangar dei opp dagens forskingsetiske utfordringar?
  • Bør dei skrivast om?

Seminaret kjem til å gå på engelsk.

Eg oppfordrar alle forskingsmiljøa på HF til å sende minst ein representant til seminaret, anten det er ein professor, ein førsteamanuensis, ein forskar, eller ein stipendiat.

Korleis formidle etiske normer til ein ny generasjon

Mange av de er i desse dagane i gang med å tilsette nye stipendiatar, eller inngå i nye rettleiar-forhold med nytilsatte stipendiatar. Bruk gjerne litt ekstra tid på å diskutere dei etiske normene for fagmiljøet dykkar og korleis de ønsker å formidle desse til ein ny generasjon forskarar.

Det trur eg kan ha ein langvarig positiv effekt, ikkje berre for stipendiatane, men òg for heile miljøet.

Av Ellen Rees, forskingsdekan
Publisert 14. okt. 2015 15:22