“Å kunne eg fara til Telemark / og leva ein sumarstund!” skriv Per Sivle.

Om neste sommar drøymer DeLillos om å berre vere her, “lese langsomt i en bok” og om kvelden sitje rundt eit bord og snakke saman.

Ellen Rees, Arne Bugge Amundsen og Eirik Welo

Lynni Treekrem derimot vil fare til Mexico, “kvil i sola / og prøv å kom på rett kjøl”. Ja, no fortener vi alle saman her på HF litt kvile etter eit hektisk år med studiar og eksamen for studentane, og undervising, forsking, administrasjon og andre krevjande oppgåver for dei tilsatte.

Det nye dekanatet vil takke alle saman for innsatsen, og for at de har teke mot oss på ein fin måte. Vi vil også gratulere dei nye doktorandane våre, og alle dei som har teke mastergrad og bachelorgrad dette semesteret. Og ein ekstra takk til dei av dei vitskapelege tilsatte som – i tillegg til alle dei vanlege arbeidsoppgåvene deira – har brukt mykje tid på å søkje ekstern finansiering. Vi kryssar fingrane for de!

Sjølv skal vi i dekanatet ikkje til Telemark i sommar, men Ellen skal kanskje ein liten tur innom Mexico når ho er heime i USA i august. Arne skal pendle mellom Smålenenes kyst og Västergötlands skoger, og Eirik skal tilbringe storparten av sommaren i eit hol i hagen sin på Årvoll, der han skal grave og støype, med meir.

Vi unner alle saman ein fin sommar anten de har planar om å vere her eller der, og vi gler oss til å møtast igjen i august, utkvilte og klare for nye utfordringar.

Beste sommarhelsing,

Arne, Ellen og Eirik.

Av Arne Bugge Amundsen, Ellen Rees og Eirik Welo
Publisert 10. juni 2015 15:51 - Sist endret 30. nov. 2015 10:40