Forskarskular i utvikling

Ph.d.-utdanninga ved HF er mykje mindre straumlinjeforma enn det eg sjølv er vand ved frå USA, skriv forskingsdekan Ellen Rees.

Forskingsdekan Ellen Rees (foto: Alf Øksdal)

Stipendiatane våre får også mykje meir ansvar for å skreddarsy ein eigen opplæringsdel enn dei gjer i andre land.

Dette gjer at også institutta har eit stort ansvar; dei skal levere mange gode ph.d.-kurs som er fagleg relevante og på eit høgt intellektuelt nivå; samstundes kan dei ikkje krevje at stipendiatane faktisk deltek.

Denne situasjonen fører til frustrasjon hos begge partar, trur eg. Stipendiatane har ikkje nokon garanti for at det kjem relevante og stimulerande kurs når det er høveleg, og den som arrangerer kurset, slit ofte med å få nok deltakarar.

Satsing på forskarskulane

Ein måte å møte desse utfordringane på, er å satse meir på dei nasjonale (eller nordiske) forskarskulane. Dei skapar kritisk masse og gjer at ein stipendiat kan skaffe seg eit større fagleg nettverk.

Desse forskarskulane gjer det òg lettare å sikre seg eit stabilt og tilstrekkeleg variert tilbod. Samarbeidet mellom fagmiljøa våre og dei andre partnar-institusjonane kan også ha positive biverknadar for dei fast vitskapelege tilsette som jobbar med forskarutdanninga.

Fleire fagmiljø deltek alt i slike forskarskular. Her har lingvistane og dei frå språkfaga ein fordel med sin “Nasjonal forskarskule for språkvitskap og filologi”, og det har òg arkeologane med sin “Dialogues with the Past: Nordic Graduate School in Archaeology”.

Også filosofi og idéhistorie har hatt eigen NFR-finansiert forskarskule, “Filosofi- og idéhistorie 600 f.Kr. – 1800 e.Kr.”.

Fleire fagområde kjem på banen

No kjem fleire andre fagområde på banen med utviklinga av nye forskarskular. Noregs forskingsråds utlysing om stønad til slike forskarskular (med frist denne veka) har utløyst mykje aktivitet rundt omkring på HF.

Musikkvitskap kjem i samarbeid med Universitetet i Bergen til å søkje om å skipe ein ny “Norwegian Research School in Interdisciplinary Music Studies (InterMuse)”.  Også etikk-miljøet ved IFIKK søkjer om ein nasjonal forskarskule som kjem til å heite “National Research School in Ethics”.

Fakultetet har sagt ja til å vere med i ein veletablert forskarskule for estetiske fag, “Tekst, bilde, lyd og rom (TBLR)”, frå og med januar 2016.

Sjølv om TBLR har eksistert i ca 10 år, har han ikkje hatt status som nasjonal forskarskule; vi er difor med på å utvikle ein NFR-søknad saman med fleire partnarar, og TBLR kan fødast på ny som “Transdisciplinary Research School in Arts, Cultures and Texts (TRANSACT)”, dersom NFR seier ja.

Eit eige forskarskule-konsept

Vi har òg dyrka fram eit eige forskarskule-konsept med utgangspunkt i tre UiO-fakultet med lange tradisjonar i å bruke tekst som kjelde for vitskap, nemleg det humanistiske, det teologiske og det juridiske.

Skulen har fått namnet “Authoritative Texts and Their Reception: National Research School on Textual Interpretation (ATTR)”, og er i første omgang tenkt som eit tilbod til dei av våre stipendiatar som brukar historiske tilnærmingsmåtar eller som interesserer seg for korleis tekstar kan brukast som kjelde, anten for ulike typar autoritet, makt eller vitskap. Det er spennande å følgje med i dei interessante tverrfaglege diskusjonane som denne prosessen har utløyst, og eg trur at dette kjem til å styrkje forskarutdanninga på sikt.

Men vi veit ikkje kor mange av desse gode søknadane NFR kjem til å støtte. Fakultetet har ein årleg pott som er øyremerkt ph.d.-utdanning, men svært få nyttar seg av han; vi vil difor i samråd med institutta vurdere om vi kan bruke nokre av desse midlane til å støtte vidareutviklinga av forskarskulane – gjerne i samarbeid med andre institusjonar.

Av forskingsdekan Ellen Rees
Publisert 15. apr. 2015 14:32