Tre-trinnsmodell for auka støtte til søknadsskriving

I haust kom ein klar og tydeleg bodskap frå fleire hald om at store endringar er på gang på forskingsfronten.

Ellen Rees, forskningsdekan (foto: Alf Øksdal)

Både Kunnskapsdepartementet og UiOs Strategic Advisory Board oppfordrar oss til å tenkje internasjonalt og tverrfagleg, og særleg til å søkje ekstern finansiering til forskinga vår.

Nye strategiar

Dekanatet tek utfordringa og legg nye strategiar for korleis vi best kan støtte HF-arane i å utarbeide søknadar til Horisont2020 (særleg ERC) og NFRs Senter for framifrå forsking-ordning.

Sjølv har eg dei siste vekene m.a. vore på eit NFR prosjektutviklingskurs, eit tiltaksseminar om “Prosjekt bedre forskerstøtte”, eit seminar om forskingsleiing for forskingsdekanane, og HFs forskingsadministrativt nettverk sitt månadlege møte.

Instituttleiarane har òg allereie hatt SFF og Horisont2020 som tema for eit av dei første møta sine dette semesteret. I alle desse foruma blir det ivrig diskutert kva vi kan gjere for å motivere og støtte forskarane våre.

Det er tydeleg for meg at heile linja, frå rektoratet til fakultetet, instituttleiarane og forskingskonsulentane, jobbar hardt for å leggje til rette for at forskarane skal kunne utvikle spennande og nyskapande forskingsprosjekt og lykkast i konkurransen om ekstern finansiering.

Fleire søkarar til ERC

Nokre av dei beste forskarane våre i den tidlegaste karrierefasen (2-7 år etter avlagt ph.d.-grad) har alt levert søknadane sine til ERC Starting Grant. Takk til alle dei som søkte innan 3. februar, og lykke til!

HF har òg fleire framifrå forskarar i mellomstadiet (meir enn 7 og opp til 12 år etter ph.d.-graden) som er i gang med å søkje ERC Consolidator Grant, med frist 12. mars. Vi har store forhåpningar til dei, og ynskjer dei òg lykke til! Dei mest erfarne forskarane våre har litt meir tid på seg; fristen for ERC Advanced Grant er 2. juni.

Kva kan fakultetet gjere for deg?

Eg oppfordrar dei som tenkjer på å søkje, anten i år eller neste år, til å ta kontakt med forskingskonsulentane og -leiarane. Det er ein krevjande prosess å søkje EU-midlar, og røynsla tilseier at dei som lykkast, er dei som søkjer fleire gonger.

Eg trur det er naudsynt å tenkje på søknadskriving som ein like viktig og naturleg del av forskinga vår som artikkelskriving i åra som kjem. Det er støtte å få frå institutta, fakultetet og frå UiOs EU-kontor, og mye å vinne for strevet - vi jobbar òg med å skape gode insentivordningar til dei som når langt i konkurransane.

Dekanatet er i kontinuerleg dialog med instituttleiarane om dette, og det kjem snart fleire utlysingar og tilbod. Vi tenkjer oss ein tre-trinnsmodell: pengar til prosjektutvikling, tilbod om konstruktiv lesing av søknadane og ekstra administrativ støtte i “pre-grant”-fasen.

Av Ellen Rees, forskningsdekan
Publisert 11. feb. 2015 14:11 - Sist endret 30. nov. 2015 10:45