Oppfyll forskardraumen i Paris

– Som tilsett ved HF kan du bruke Det norske universitetsenter i Paris (DNUP) strategisk til fagleg utvikling i forskinga og forskarutdanninga, skriv forskingsdekan Ellen Rees.

Utsikt fra forskerleiligheten (foto: Arne Lervåg)

Det norske universitetsenter i Paris (DNUP) er det av HFs fire utenlandssenter som satsar mest på forskerutdanning og internasjonalt forskingssamarbeid. Senteret gir stønad til mange ulike typar forskingsaktivitetar, for det meste i Frankrike, men òg her heime i Norge. Mange av dei tilsette ved HF, særlig dei mange nytilsette, har fått for lite informasjon om kva Senteret har å tilby. Senteret kan hovudsakleg hjelpe deg som HF-forskar på to måtar: du kan arrangere ph.d.-kurs og andre typar forskarseminar og -møter ved Senteret i Paris, og du kan søkje ulike stipend gjennom Senteret.

Senteret held til ved Fondation Maison des Sciences de l'Homme (FMSH), eit framifrå forskingsmiljø midt i smørauget i Paris med lange og stolte tradisjonar. Dette gir eit fantastisk utgangspunkt for å tenkje strategisk og utvikle ambisiøse internasjonale prosjekt. I 2018 består staben av Senterleiar Johs. Hjellbrekke (professor i sosiologi ved UiB) og administrativt ansvarleg Kirstin B. Skjelstad.

Forskingsdekan Ellen Rees (foto: HF)
Forskingsdekan Ellen Rees (foto: HF)

Kurs og seminar

Senteret arrangerer fleire kurs og seminar kvar månad, og prioriterer arrangement som inkluderer stipendiatar og franske forskarar. Du kan søkje fortløpande om å halde eit arrangement ved Senteret, men det gjeld å vere tidleg ute; det er kamp om plass i programmet! Senteret tilbyr assistanse med å ordne måltid og foreslå hotell, og dekker i nokre av utgiftene knytte til måltida og leige av lokale; kurs med mange deltakande stipendiatar får vanlegvis meir stønad enn seminar utan stipendiatar.

Ph.d.- og postdok-stipend

Gjennom senteret kan ph.d.-kandidatar og postdoktorar søkje om stipend til eit forskingsopphald i Frankrike i ein til to månadar. Søkjarane må skissere korleis dei har tenkt å bruke tida i Frankrike, og korleis opphaldet støttar opp under eins eige prosjekt. Senteret kan hjelpe til med kontaktar og annan logistikk for dei som ikkje har eit stort nettverk i Frankrike frå før. Søknadsfristen er 1. februar 2018.

Mobilitets-stipend

Forskingsmiljø i Norge kan også gjennom senteret søkje mobilitets-stipend for å dekke opphald i Norge for franske forskarar i samband med forskingssamarbeid. Har du ein kollega tilsett ved eit fransk universitet som du ønsker å samskrive ein artikkel eller utvikle eit prosjekt saman med, kan det vere klokt å invitere vedkomande hit i ein kortare periode (opp til ein månad) gjennom denne ordninga. Fristen for å søkje om pengar til mobilitets-stipend er også 1. februar 2018.

NFR-FMSH-forskarutvekslingsavtale

Norges forskingsråd og FMSH har ein forskarutvekslingsavtale som er lite kjend og lite brukt. Det gjeld mobilitet både frå Norge til Frankrike og frå Frankrike til Norge. Forskaren får reise og opphald dekka for inntil ein månad. I 2018 er søknadsfristen sett til 16. mars.

Forskarleilegheit

Til slutt vi eg òg nemne Senterets forskarleilegheit. Denne kan du som forskar tilsett ved UiO leige i kortare perioder gjennom heile året. Leilegheita er ein klassisk pariserbustad midt i ein hyggeleg bydel (13. arrondissement) med kort avstand til kollektivtrafikken, matbutikkar og restaurantar. Det er ein perfekt stad å trekkje seg tilbake til når ein treng å konsentrere seg om å ferdigstille eit manus, for eksempel. For å leige leilegheita, ta kontakt med Kirstin B. Skjelstad direkte. Første forskar til mølla!

Av forskingsdekan Ellen Rees
Publisert 29. nov. 2017 14:25 - Sist endret 29. nov. 2017 14:26