Stort HF-gjennomslag i FRIPRO-tildelinga i år!

– Dette gledelege resultatet kjem av målretta innsats med skriving av søknadar, og både forskarar og forskarstøtta kan no gratulere kvarandre med utteljinga, skriv forskingsdekan Ellen Rees.

Ellen Rees

Seks av sju HF-institutt er representerte i FRIPRO-tildelinga i år, med ti tildelingar på til saman ca 60 millionar kroner frå forskingsrådet. I tillegg har NFR gjeve støtte til prosjektet Political Philosophy Looks to Antarctica: Sovereignty, Resource Rights and Legitimacy in the Antarctic Treaty System under programmet POLARPROG. Dette prosjektet er leia av Maria Alejandra Mancilla.

To av tre unge forskartalent til HF

Særs stolte er vi av å få tildeling til to unge forskartalent av tre på heile UiO, og båe høyrer heime på ILN. Vidare fekk HF fire forskarprosjekt, tre mobilitetsstipend, og ei tildeling av arrangementsstøtte.

Her er tildelingane til HF:

Forskarprosjekt:

  • IKOS / Dag Henrik Tuastad og Brynjar Lia: Rebel Governance in the Middle East: The role of kinship groups in sociopolitical organization of insurgent proto-states
  • ILOS/ Kristin Bech: Constraints on syntactic variation: noun phrases in early Germanic languages
  • ILOS/ Michael Lundblad: The Biopolitics of Disability, Illness and Animality: Cultural Representation and Societal Significance
  • IMK/ Anders Fagerjord: Streaming the culture industries: Analyzing the technology, usage and economy of streaming media services

Unge forskartalent:

  • ILN/ Elise Kleivane: Between runes and manuscripts. Roman-alphabet inscriptions in Viking Age and Medieval Norway
  • ILN/ Mikael Males: Myths about Language in the Middle Ages

Mobilitetsstipend:

  • IAKH/ Ragnhild Martine Bø: Image, Imitation, Indulgence. Netherlandish Art and Devotional Practices in Denmark-Norway c.1400-1600
  • IFIKK/ Joanne Stolk: Language norms from below: The Greek language in Graeco-Roman Egypt
  • ILN / Maria Husabø Oen: The Locus of Truth: Birgitta of Sweden and the Journey to Jerusalem

Arrangementsstøtte:

  • IFIKK/ Kjetil Fallan: Making and Unmaking the Environment (konferanse)
Av Ellen Rees
Publisert 14. des. 2016 14:09 - Sist endret 14. des. 2016 14:09