Norgeshistorie.no: Nøgde brukarar vil ha meir av alt

Sidan lanseringa i desember i fjor har nettstaden Norgeshistorie.no hatt meir enn 120 000 besøk.

Eit lite stykke noregshistorie: Plattforma Troll A i slep forbi Rennesøy i Boknafjorden. Foto: Pål Christensen/Stavanger Aftenblad

Norgeshistorie.no har på kort tid vorte ein av dei aller viktigaste digitale formidlingsstadene for historiefagleg grunnkunnskap.

Nettstaden vert mykje brukt av lærarar, elevar og studentar i ungdomsskulen, videregåande og på høgskule-  og universitetsnivå. Han er også i bruk som tillaten førebuingsressurs ved eksamensavvikling i vidaregåande.

Målgruppene i skulen har heile tida vore  eit viktig satsingsområde for Norgeshistorie.no sitt formidlingsarbeid. Nyleg medverka redaksjonen til å arrangere eit seminar om historieformidling på nett retta mot lærarar, som trekte over 70 deltakarar.

Alle artiklane vert lesne

Norgeshistorie.no har og mange brukarar frå den interesserte allmenta. Ei brukarundersøking syner at brukarane er særs nøgd med kva dei får ut av nettstaden. Allereie no er det gjort justeringar etter anbefalingar frå brukarar, og med tida vil det kome større utvidingar med forteljande verkemiddel som lydklipp, bilete, kart, grafar og videosnuttar.

Nokre tidsperiodar og tema skil seg frå andre i popularitet. Til dømes er periodane vikingtid, eldre steinalder og andre verdskrig særs godt besøkte. Besøksstatistikken syner at dei 50 mest besøkte sidene har minst 1000 visingar kvar, og forsida til perioden vikingtid har nesten 10 000 besøk. Det er ingen artiklar på nettstaden som ikkje er blitt lesne.

Sjå heile oversikta over sidevisingar (pdf)

Stort gjennomslag på Facebook

Halvvegs inn i vårsemesteret 2016 vart ei Facebook-side oppretta. Berre tre månader seinare har sida meir enn 2000 følgarar, og postane er mange og mykje leste. Redaksjonen nyttar facebook-sida til å formidle artiklar som er dagsaktuelle, og postar nye oppslag gjerne fleire gonger i veka.

Typiske døme kan være Årsdagen for kvinners røysterett i Noreg, Frigjeringsdagen 8. mai (denne posten nådde over 50 000), Verdsdagen for kulturelt mangfald, eller årsdagen for «Jamstillingsvedtaket» for å nemne nokre postar frå dei seinaste vekene.

«Rent gull!»

Det er ikkje berre skuleverket som set pris på Norgeshistorie.no. Fleire av e-postane som har kome inn til redaksjonen er frå lesarar som rett og slett berre vil takke for nettstaden. Her er eit døme på tilbakemelding frå ein forfattar av historiske serieromanar:

«Tusen takk for Norgeshistorie.no! Dette var rent gull! Ja, jeg vil si det så sterkt at seriene våre kan løftes et stort hakk med denne fantastiske nettsiden! Ikke bare er den lett å bla i, finne kilder etc etc, men for en INSPIRASJON! Her er det jo bare å gå rett inn og lese, og så vips! har man tusen spennende baktepper for en god historie!»

Av Ellen Evju Jahr
Publisert 15. juni 2016 14:30 - Sist endret 15. juni 2016 14:36