23 internasjonale forskarar deltok på Marie Skłodowska-Curie Action Master Class 2018

– Eit MSCA-stipend opnar mange dører, både for stipendiaten og for vertsinstitusjonen. Det seier mykje om kvaliteten på HF at så mange toppkvalifiserte søkjarar vil samarbeide med forskargruppene våre, skriv forskingsdekan Ellen Rees.

Forskingsdekan Ellen Rees (foto: Annica Thomsson) 

15. og 16. mars heldt HF ein ny Marie Skłodowska-Curie Action International Fellowships (MSCA IF) Master Class, med deltakarar frå heile verda. Dette er andre gong vi held ein Master Class. Den fyrste var i 2017; då fekk vi inn 17 søknader. Tre gjekk heilt i mål, og vi går for enda fleire vellykka søknader i år.

Hjå HF er det eit mål å tiltrekkje oss attraktive kandidatar frå utlandet gjennom MSCA-programmet, difor ber vi internasjonale søkjarar hit for å lære om utlysinga, og møte fagmiljøa.

Kva kan søkjarar og fagmiljø by kvarandre?

Ein sentral del av denne utlysinga er tovegs-utvekslinga av kunnskap mellom søkjar og fagleg kontaktperson eller fagmiljø hjå HF. I søknadane er det like viktig å få fram kva søkjarane kan by fagmiljøa av sin ekspertise, som kva fagmiljøa kan by søkjarane. Difor deltok også dei faglege kontaktpersonane frå HF på Master Class, ga søkjarane ein introduksjon til fagmiljøet, og starta arbeidet med søknadsskrivinga.

Marie Skłodowska-Curie Actions (MSCA) er ein del av det europeiske forskingsprogrammet Horizon 2020, og gjev lønns- og mobilitetsmiddel for forskarar som vil fremme si karriere med eit utanlandsopphald. Individual Fellowships er lønnsmiddel og institusjonelle tilskot til dyktige, kreative og mobile forskarar. Foto: Ellen Evju Jahr

Søkjarane fekk høyre presentasjonar frå nasjonalt kontaktpunkt for MSCA, Per Magnus Kommandantvold (Noregs forskingsråd), evaluator av MSCA IF, Jacob Thaisen (ILOS), fagleg kontaktperson for ein av fjorårets innvilga MSCA IF-søknader, Pia Lane (MultiLing), to MSCA postdoktorar – Natalia Igl (HF) og Anna Chambers (MED) , samt EU-rådgjevar Magnus Garder Evensen i tillegg til underteikna.

PhD-kandidatar frå HF kan søkje MSCA Individual Fellowships i utlandet

Vi er strålande nøgde med at så mange deltakarar kom hit i år, og vi kjem til å følgje opp søkjarane tett fram mot søknadsfristen 12. september. Det at vi har starta tidleg, vonar vi gjer at det kjem inn enda betre søknadar, som igjen skal gje fleire prosjekt frå EU.

Vi oppmodar våre PhD-kandidatar på det sterkaste til å søkje sjølv i samarbeid med ein vertsinstitusjon i utlandet. Det kan være krevjande å opparbeide internasjonal røynsle, og dette er ein av de mest anerkjende mobilitetsordningane vi har. 

Les også: Tre Marie Skłodowska-Curie Individual Fellowships er tildelt HF!      

Av Ellen Rees, forskingsdekan
Publisert 4. apr. 2018 13:37 - Sist endret 4. apr. 2018 15:20