Professor Unn Røyneland overtek som nestleiar på MultiLing

– Det er eit privilegium, og ei oppgåve som vil vere både lærerik og utviklande, seier Unn Røyneland om sitt nye verv.

Etter sju år med leiarverv ynskjer Bente Ailin Svendsen å bruke meir tid til forsking, og Unn Røyneland tek over rolla etter ho. Unn har vore involvert i MulitLing sidan starten i 2013, og er professor ved ILN.         

Kva betyr MultiLing for deg?              

– MulitLing betyr høve til å jobbe med spennande og nyskapande prosjekt saman med fantastisk dyktige folk, fortel Unn. Det er ein eineståande sjanse til å få fram ny forsking om fleirspråklegheit både på individ- og samfunnsnivå. Dette er eit tema som ikkje berre er vitskapleg interessant, men som også har stor samfunnsmessig relevans. 

Kvifor ville du å ta på deg denne oppgåva?

– Det er viktig for meg å bidra til at MultiLing kan nå dei ambisiøse måla vi har sett oss, og å sørgje for eit godt, kreativt og inspirerande arbeidsmiljø. Å vere ein del av senterleiinga, gir høve til å vere med på å forme vegen vidare. Det er eit privilegium, og ei oppgåve som vil vere både lærerik og utviklande. Eg har vore leiar for eitt av dei tre temaområda ved MulitLing sidan oppstarten, og har også vikariert som nestleiar i ein periode. Det gav meirsmak.

Kva for eigenskapar bringer du som nestleiar til MultiLing?            

– Det viktigaste er kanskje engasjementet og entusiasmen eg kjenner for senteret og for dei forskingsoppgåvene vi driv med. Eg har lang erfaring med tverrfaglegheit og forsking på språkleg mangfald.

Forgjengaren min, Bente Ailin Svendsen, gjorde ein veldig god jobb med ekstern kommunikasjon. Kommunikasjon både med forskarsamfunnet og samfunnet elles vil også vere eit viktig ansvarsområde for meg, og vi vil særleg ha fokus på nettsidene våre som vi alt er i gang med å forbetre og byggje ut. Som nestleiar er det også viktig å kunne vere ein god lyttar og sparringpartner, avsluttar ho.

Av Ellen Evju Jahr
Publisert 1. des. 2015 15:31 - Sist endret 1. des. 2015 15:49