Eirik Tengesdal er ny stipendiat på prosjektet Variasjon og endring i den nordiske verbfrasen

Eirik har ein brei bakgrunn med til dømes japansk i fagkrinsen. No skal han forske på ordstillingsvariasjon i dei nordiske språka.

Eirik Tengesdal (Foto: privat)

Eirik tok ein bachelorgrad i japansk språk ved Universitetet i Oslo, der han i tillegg studerte lingvistikk, mandarinkinesisk og engelsk. Då studerte han au japansk i Japan eitt semester, på Jōsai International University.

Etter det tok Eirik ein mastergrad i lingvistikk ved Universitetet i Oslo, der han skreiv om to språktrekk som finst i dialekten i heimkommunen hans, Bjerkreim. Vidare har han mellom anna jobba med norske dialektar ved Tekstlaboratoriet og på eit blikksporingsprosjekt ved MultiLing.

Kva skal du forske på?

– Prosjektet mitt er ein del av prosjektet til professor Ida Larsson: Variasjon og endring i den nordiske verbfrasen. Eg skal forska på ordstillingsvariasjon i dei nordiske språka – fyrst og fremst partikkelplassering, i skjeringspunktet mellom prosodi og syntaks. Til dømes har svensk partikkel føre objektet («Vi kastade ut hunden/den»), medan dansk har partikkel etter objektet («Vi kastede hunden/den ut»). Norsk og islandsk har partikkel føre ikkje-pronominelt objekt («Me kasta ut hunden»), og tillèt au etterstilt partikkel («Me kasta hunden/han ut»). I tillegg til variasjon i ordstilling er det au prosodisk variasjon. Der er det til dømes i norsk mogeleg å ha anten partikkelaksent («ta 'med»), aksent på både verb og partikkel («'ta 'med»), eller samansetjingsaksent, med tonelag 2 («²ta med»), utan at det endrar tyding. Me samlar inn data ved hjelp av eit elisiteringseksperiment, fortel Eirik.

Kva likar du å gjere når du ikkje er på jobb?

– Eg likar å starta morgnane med ein veldig god kopp kaffi, som eg lagar omhyggjeleg heime før eg fer til kontoret. Når kaffien smakar veldig godt, kjem eg på jobb med ei prestasjonskjensle og takksemd mot den dagen, og til vanleg hjelper den tenkjemåten meg med arbeidsoppgåvene au. Eg trivst godt med å trena, der eg nyttar energioverskotet eg får frå kaffi og får ekstra appetitt for middagen som kjem seinare. Filmar, seriar, musikk og spel kosar eg meg med. Alt det er endå hyggjelegare saman med gode vener, avsluttar Eirik.

Av Olaf Christensen
Publisert 15. okt. 2018 14:49 - Sist endret 16. okt. 2018 14:17