Lanserer Medisinbloggen

Eit nytt tilskot til kommunikasjonsarbeidet ved Medisinsk fakultet.

Skjermdump av bloggen

Årvakne lesarar kan ha fått med seg at namnet Medisinbloggen dei siste dagane har dukka opp i fakultetets sosiale medier og nettside.

– Dette er eit supplement til dei kommunikasjonskanalane vi har frå før. Vi ynskjer å la forskarar, undervisarar og studentar koma direkte til orde, seier kommunikasjonsrådgjevarane Monica Bring Estensen og Christina Heesch ved fakultetsadministrasjonen.

– Når bidragsytarane skriv sjølve, vert gjerne innhaldet meir personleg enn når språket vert filtrert gjennom kommunikasjonsfolk som oss.

Involverte forskarar

Men skribentane vert likevel ikkje heilt overletne til seg sjølve. Eit av formåla med bloggen er å nå ut til ålmenta på ein måte som utfyller dei andre kanalane ein arbeider med, og då må språket vera forståeleg for folk utanfor fagfeltet.

– Det er litt tilfeldig at det har blitt slik, men dei to fyrste innlegga våre har begge handla om komande arrangement. Desse vert det jo kommunisert rundt i andre kanalar, men på bloggen kan dei involverte forskarane sjølve presentera innhald som er knytt til desse arrangementa.

Dei understrekar at blogginnlegg er ein annan sjanger enn aktueltsakene som vert skrivne for nettsidene våre, og at bloggen er eit tilbod i tillegg til desse, ikkje ei erstatning.

Tek mot innspel

Framover vil det koma nye innlegg med eit par vekers mellomrom, anslår dei to, som alt har ein foreløpig produksjonsplan fram til jul klar. Men sidan bloggformatet er dynamisk, held dei òg moglegheiten open for blogginnlegg om dagsaktuelle tema om sjansen byr seg..

Dei to tek gjerne mot innspel til tema på sosiale-medier@medisin.uio.no, men kan ikkje lova at alle får plass.

– Sjølv om vi vil ha personlege innlegg frå bidragsytarane, kjem vi til å ha redaksjonell styring på val av tema og kven vi inviterer til å skriva. Men det finst andre blogg-muligheiter der ute, forskning.no tilbyr t.d. blogg til alle forskarar som ynskjer det, og den nye bloggløysinga til UiO er teken i bruk m.a. på CanCell-bloggen.

Dei to fyrste innlegga på Medisinbloggen kan du lesa her:

Forskning på hugget – morgendagens løsninger?  – Jan Terje Andersen
Psykt eller normalt? – Jan Ivar Røssberg

Av Torstein Helleve, nettredaktør
Publisert 27. sep. 2018 08:19 - Sist endret 28. sep. 2018 07:41