Ledere til MED-nytt 2016

Innpakket gave.
Publisert 16. des. 2016 12:39

«Sorgen og gleden de vandre til hope» heter en gammel salme. Slik også på vårt fakultet. Mest glede heldigvis. Aller mest på grunn av en helhjertet innsats fra dyktige ansatte og studenter. Vi vil takke alle for alt de har gjort for fakultetet dette året og ønsker alle en riktig god jul og et framgangsrikt nytt år!

Unn-Hilde Grasmo Wendler og Frode Vartdal i grønne t-skjorter.
Publisert 27. okt. 2016 11:31

Universitetet skal møte dei globale miljø- og klimautfordringane. MED-fakultetet følgjer opp det grøne skiftet ved UiO og innfører kildesortering frå 1. november. Dessutan arbeider fakultetet med å redusere flyreiser, både for å spare miljøet og spare ressursar.

Frode Vartdal.
Publisert 13. sep. 2016 16:35

‘“The value of an idea lies in the using of it”, sa Thomas Alva Edison. Fakultetets nye program for innovasjonsutdanning tek Edison på ordet og skal inspirere tilsette og studentar til å tenkje innovativt og gi dei kunnskapar som gjer dei betre rusta til å setje gode idéar ut i livet.

Ingrid Os og Kristin Heggen pyntet til fest.
Publisert 15. juni 2016 09:44

I løpet av 2017 skal regjeringa leggje fram ei stortingsmelding om korleis kvaliteten i høgare utdanning kan og skal styrkast. Eit viktig og vanskeleg politisk arbeid som engasjerer til debatt i god tid før stortingsmeldinga er klar. For kva er eigentleg utdanningskvalitet i høgare utdanning?

Dekan Frode Vartdal.
Publisert 30. mars 2016 14:22

Dei neste åra får vi sterke krav frå styresmaktene og frå universitetsleiinga om å skape betre utdanning, meir verdsleiande forsking, meir innovasjon og å skaffe meir EU-midlar. Dekanatet gjer fleire grep som set fakultetet betre i stand til å levere på nye krav.