English version of this page

Carpe diem

Dei neste åra får vi sterke krav frå styresmaktene og frå universitetsleiinga om å skape betre utdanning, meir verdsleiande forsking, meir innovasjon og å skaffe meir EU-midlar. Dekanatet gjer fleire grep som set fakultetet betre i stand til å levere på nye krav.

Dekan Frode Vartdal.

Foto: UiO

Oslo 2014 meiner vi er ein framtidsretta studieplan, der vi innfører stadig nye undervisnings- og eksamensformer, til dømes undervisning i ultralyd samtidig med anatomiundervisninga. Likeeins vil etableringa av Helsevitenskapelig utdanningssenter (HUS) bidra til å styrke fakultetets mange ulike studieprogram og utvikle ein kultur for kontinuerlig kvalitetsutvikling av utdanning.

Saman med Center for Educational Measurement (CEMO) ved Det utdanningsviteskapelige fakultet forskar HUS på å utvikle forskingsbaserte metodar for å måle utdanningskvaliteten. HUS og CEMO har planar om å søke å bli eit Senter for framifrå utdanning.

Scientia Fellow har skaffa oss millionar

Det transnasjonale postdoktorprogrammet Scientia Fellow (SF) har skaffa oss 50 millionar frå EU, som i eit spleiselag med fagmiljøa har ført til oppretting av heile 75 postdoktorstillingar. Dei to første utlysningane har resultert i vel 42 postdoktorstillingar utvalde av internasjonale ekspertkomitear. Dei fleste av desse er i full gang med forsking enten i våre forskingsgrupper eller i partnargrupper i utlandet. Siste søknads- og tildelingsrunde med tildeling av vel 30 postdoktorstillingar blir avslutta før sommarferien.

FornyMed2016

SF-satsinga resulterte i ca. 60 millionar kroner i RBO-midlar frå departementet. Dette gjer at vi kan bruke ca. 40 millionar over fire år til å fornye fakultetet i eit program som vi har kalla FornyMed2016. Programmet har tre element, nemleg postdoktorprogrammet, EU pluss og InnovEnt.

Postdoktorprogrammet som allereie er godt i gang er det første strukturerte karriereutviklingsprogrammet for postdoktorar i Norge. Programmet skal førebu postdoktorane på å komplekse arbeidsoppgåver i og utanfor akademia, og det har ambisjon om å skape eit kreativt og stimulerande læringsmiljø for kandidatar i eit postdoktorløp.

EU pluss skal bidra til å svare på styresmaktenes og universitetets krav om å skaffe meir ressursar frå EU. Fakultetets Enhet for ekstern forskingsfinansiering (EEF) vil med dette programmet intensivere arbeidet med å oppmuntre og støtte våre mange forskarar med eit sterkt forskingsmeritt å søke forskingsmidlar frå EU.

InnovEnt-programmet har som mål å fremme ein tenkemåte som kan bidra til å til innovasjon “på alle livets vegar” i offentlege institusjonar, i helsevesenet, i globalt helsearbeid og som leiarar, tilsette og gründerar i næringslivet. Det er god grunn til å tru at det ligg eit stort, urealisert potensial for innovasjon og entreprenørskap hos våre studentar, forskerar og andre medarbeidarar. Målet med dette programmet er å utløyse dette potensialet.

Carpe diem

Fakultetet kan uansett berre legge til rette for betre utdanning og forsking. Skal vi lukkast med å nå våre ambisiøse mål, er vi heilt avhengig av at våre studentar og forskarar grip sjansane som opnar seg i åra framover. Med andre ord: Carpe diem

Av dekan Frode Vartdal
Publisert 30. mars 2016 14:22 - Sist endret 19. mars 2019 09:08