English version of this page

Vil du vere med så heng på

‘“The value of an idea lies in the using of it”, sa Thomas Alva Edison. Fakultetets nye program for innovasjonsutdanning tek Edison på ordet og skal inspirere tilsette og studentar til å tenkje innovativt og gi dei kunnskapar som gjer dei betre rusta til å setje gode idéar ut i livet.

Frode Vartdal.

Foto: UiO

Primæroppgåvene til fakultetet er og blir utdanning og forsking. Når det er sagt, så har fakultetet også eit samfunnsansvar for å drive innovasjon.

Gode forutsetningar

Vi har mange gode forutsetningar til å medverke til dette. Særleg fordi vi har framifrå studentar og tilsette, som blir kontinuerlig eksponert for sterke krav frå pasientar, helseinstitusjonar og frå andre samfunnsinstitusjonar om å tenkje nytt. Slike “krevande kundar” har vist seg å vere viktige drivarar for innovasjon.

Likeeins vil studentane våre som frå tidleg barndom har møtt eit stort og komplisert “univers” gjennom internett, truleg ha betre forutsetningar til å tenkje nytt og radikalt enn tidlegare generasjonar.

Opplæring i innovasjon

Fakultetetsleiinga vil nytte eit breidt innovasjonsomgrep i opplæring i innovasjon, der produktinnovasjon, organisasjonsinnovasjon og prosessinnovasjon er dei viktigaste søylene, i tråd med OECDs definisjonar av innovasjon.

Vel vitande om at det tidleg er umuleg å peike ut dei som har vilje og evne til å kunne bli sterke innovatørar, så skal utdanningsprogrammet i innovasjon og entreprenørskap både vere breidt og spissa. Det skal inspirere studentar tidleg i studiet til å tenkje nytt på “alle vegar i livet”, enten dei skal arbeide i helsevesenet, i offentlege institusjonar eller i private verksemder. Dessutan skal dei også kunne vite korleis dei skal få hjelp til å utvikle ein glup idé hvis og når slike dukkar opp.

Eg kan nemne at på toppuniversiteta i USA kjem det fleire idéar frå studentane enn frå dei vitskaplege tilsette. Til dei som ønskjer å fylle på med meir kompetanse seinare , vil fakultetet etablere opplæringstilbod på fleire nivå.

Såleis vil det bli høve til å velge innovasjon og entreprenørskap som eit elektivt emne i studiet. Vi vil også tilby valfrie kurs i innovasjon i phd-programmet og i vårt nye postdoktorprogram. Sist men ikkje minst etablerer vi no i samarbeid med NTNU og Karolinska institutet nordens første helseinnovatørskole.

Eit innovativt økosystem

Innovatørar kan best utvikle sine idéar der det fins gode og robuste miljø som kan støtte innovatørar og entreprenørar.

I Oslo-området har fleire aktørar saman skapt eit sterkt innovativt økosystem. Universitet og universitetssjukehus har eit tett samarbeid om å utvikle innovasjon, til dømes gjennom sitt felles eigarskap av Inven2 som har blitt ein solid medspelar for dei som vil patentere idéar og utlisensiere eller kommersialisere desse idéane.

Nansen Neuroscience Network og næringsklyngene Oslo Cancer Cluster og Oslo Medtech har fått innovasjon og entreprenørskap innan helseområdet til å blomstre. Likeeins kan den nyoppretta Helseinkubatoren hjelpe nye bedrifter gjennom den vanskelige oppstartfasen.

Gode sjansar for å lukkast

Meir enn nokon gong har folk som vil videreutvikle gode idéar gode sjansar for å lukkast dersom dei har sterk vilje til å gjennomføre desse. Som Askeladden ville ha sagt det “Vil du vere med, så heng på”.

Av dekan Frode Vartdal
Publisert 13. sep. 2016 16:35 - Sist endret 19. mars 2019 09:10